Hopp til innhold
X
Innhald

Teledølen

Teledølen var Venstre-avisa på Notodden. Avisa blei stogga under krigen og kom aldri skikkeleg på fote etterpå, sjølv om ho heldt ut til 1973.

Det første nummeret av Teledølen kom ut på Notodden 3. april 1905. Teledølen blei etablert, eigd og redigert av Ola Storeng, som kort tid i førevegen var komen til Notodden med planar om å etablere si eiga avis på den framveksande industristaden. Avisa fekk god mottaking både på Notodden og i omlandet. Annonsemengda auka stadig, og det gjorde òg talet på abonnentar. I 1910 kom Teledølen ut fire gonger i veka, med eit opplag på 2500. Frå 21. november 1913 kom avisa ut dagleg.

 

Teledølen starta som eit upolitisk organ og eit talerøyr for økonomiske interesser i Aust-Telemark, men i 1911 blei avisa eit offisielt Venstre-organ. På Notodden, som hadde ei sterkt veksande befolkning av anleggs- og industriarbeidarar, gjekk lokalavisa inn for «en større forsonlighed og forstaaelse mellem klasserne». Interessefellesskapen mellom arbeidarar og arbeidsgivarar måtte styrkjast. Avisa skreiv: «Klassekamppolitikken har løpet linen ut, i sin golde negativitet virker den bare til at legge alt øde.»

 

I 1916 selde Ola Storeng Teledølen til Olav Eide. Eide hadde bakgrunn som redaksjonssekretær i Den 17de Mai, og han redigerte Teledølen i to år, før han selde avisa vidare til boktrykkjar Kr. Ormestad og forretningsføraren i avisa, Halvor Kise. Samtidig blei Karl Eide tilsett som ny redaktør. Karl Eide var redaktør for avisa i nesten 50 år – frå 1918 til 1966. I 1928 etablerte elles Ola Storeng den konservative konkurrenten Telen.

 

Under andre verdskrigen blei Teledølen underlagt streng kontroll frå okkupasjonsmakta. I 1941 blei avisa bøtelagd og ilagd utgivingsforbod i ein månad – mellom anna for å ha skrive ein kritisk artikkel om tyskarane som kjøpte hestar i Heddal. Seinare blei avisa påtvinga ein NS‑utnemnd politisk redaktør. Som eit ledd i styresmaktene si presserasjonalisering blei Teledølen slått saman med Telen i 1943. I praksis var dette jamgodt med ei nedlegging, ettersom den samanslåtte avisa skulle bere namnet til Telen og skulle produserast av personalet i Telen.

 

Etter krigen greidde den lokale venstreavisa i Notodden aldri å ta tilbake sin tidlegare posisjon i byen. Det var vanskeleg å halde på tidlegare abonnentar og annonsørar, og ved utgangen av 1973 var det ugjenkalleleg slutt.

Litteratur

Berner Hansen: Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien 1970

Jens Christian Hansen: Notodden. Notodden 1963

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017