Hopp til innhold
X
Innhald

Tidens Tegn

Tidens Tegn var ei dagsavis som kom ut i Oslo i 1910–41.

Ho vart grunnlagd av Ola Thommessen (1851–1942). Avisa tok i 1923 opp i seg Verdens Gang og i 1924 Ørebladet. Ei eiga kveldsutgåve, Oslo Aftenavis, kom ut mellom 1924 og 1932. Avisa var opphavleg organ for Frisinna Venstre, men vart etter kvart partilaus og kom mot slutten av 1930-åra til å stå Fedrelandslaget nær. Tidens Tegn gjekk inn i april 1941. Etter frigjeringa tok det nye Verdens Gang over lokala til avisa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.11.2016
Sist oppdatert: 19.12.2016