Hopp til innhold
X
Innhald

Troms Folkeblad

Troms Folkeblad på Finnsnes er den dominerande lokalavisa i Midt-Troms. Folkebladet blei grunnlagt av lokale næringslivskrefter, men er no ein del av Polaris-konsernet.

Troms Folkeblad kom ut første gong på Finnsnes i Lenvik kommune 15. november 1965. Næringslivskrefter rundt Finnsnes Handelstandsforening, men også representantar for ulike politiske avskyggingar, ønskte å lage ei avis for midtfylket i Troms. Dei la planar om å kjøpe Senjens Blad, som var til sals, og som i ulike variantar hadde kome ut på same staden sidan 1907. Samstundes ønskte Venstre eit talerøyr i distriktet, og vann til slutt dragkampen om å overta Senjens Blad sommaren 1965. Dermed måtte ein leggje planar for ei heilt ny avis, og kapital blei samla inn. Nokre månader seinare var Troms Folkeblad etablert, med gamalredaktøren i Senjens Blad som første redaktør og med fleire andre medarbeidarar frå same avisa.

Den nye avisa må nok òg sjåast i samanheng med meir langsiktige utviklingstrekk, knytte til oppkomsten av Finnsnes som eit stadig viktigare sentrum i Midt-Troms. I 1950 var det 884 innbyggjarar her, tjue år seinare 2619. Ved hundreårsskiftet fekk Finnsnes bystatus. Bakgrunnen for denne ekspansjonen for Finnsnes med omland var etableringa av eit landsgymnas i 1946 (som kom til Finnfjordbotn utanfor Finnsnes tre år seinare), eit ferrosilisumverk midt i 1950-åra, ein tremassefabrikk i nabokommunen Sørreisa og militærutbygging, både i Lenvik kommune og i nabokommunar i Midt-Troms og Indre Troms.

Eit uttrykk for den auka relevansen denne regionen fekk i avisbiletet, i spennet mellom Nordlys i Tromsø og Harstad Tidende, er at Nordlys etablerte det første distriktskontoret sitt her alt i 1954. Det blei rett nok oppgitt alt etter eitt år, men frå 1961 hadde Nordlys permanent eit eige kontor på Finnsnes. Troms Folkeblad måtte derfor kjempe for eksistensen både mot Senjens Blad og Nordlys (som i 1968 hadde ei hushaldsdekning på 60 prosent i Lenvik kommune). Avisa sleit tungt til å begynne med, men kom over kneika. I 1970 måtte konkurrenten Senjens Blad gi opp.

I 1974 gjekk avisa over til offset, og ti år seinare kom ho for fullt inn i dataalderen. Eit stort byks framover fekk Troms Folkeblad då eigarane av ferrosilisumverket like utanfor Finnsnes, Fesil-Nord, gjekk inn med ny kapital i 1989. Då hadde avisa for første gong like stor hushaldsdekning i Finnsnes-området som Nordlys, 57 prosent. To år seinare blei Troms Folkeblad dagsavis, og frå 1997 har Steinulf Henriksen vore sjefredaktør. I 1990-åra blei Troms Folkeblad overteke av den ekspanderande Harstad Tidende Gruppen (frå 2008 Polaris Media). Avisa er no heilt dominerande i sitt distrikt, ti kommunar i Midt-Troms.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017