Hopp til innhold
X
Innhald

Tysvær Bygdeblad

Tysvær Bygdeblad, lokal vekeavis som kjem ut i Aksdal i Tysvær kommune, Rogaland.

Det første ordinære nummeret av Tysvær Bygdeblad kom i januar 1976. Bak den nye avisa stod eit nytt, lokalt aksjeselskap med mange småaksjonærar. Avisa er politisk ubunden og har nynorsk som redaksjonell målform. Dei første åra kom avisa ut berre kvar 14. dag, men vart vekeavis i 1981.
Tysvær kommune vart etter kommunesamanslåinga i 1965 ein stor og samansett kommune. Her var både typiske jordbruksbygder, industristaden Kårstø og bustadfelt i vest med kort avstand til Haugesund. Folk identifiserer seg meir med lokalsamfunna enn med kommunen, og det har vore tungt å drive lokalavisa. Sidan 1999 har avisa hatt seks ulike redaktørar.
Redaktør i dag er Alf Einar Kvalavåg. Opplaget for 2013 var 2180 eksemplar. Avisa har både bokmål og nynorsk som redaksjonelt språk.
Avisa har ei oppdatert nettutgåve.

Kjelder
Sigurd Høst: «Tysvær Bygdeblad», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, www.lla.no [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Først publisert: 04.03.2014
Sist oppdatert: 26.04.2017