Hopp til innhold
X
Innhald

Ulefoss Avis

Få norske aviser blei etablerte under krigen. Ulefoss Avis var ei av dei. Ho blei rett nok stogga etter eit par år, men kom ut att etter krigen og levde fram til 1970.

«Ulefoss Avis skal først og fremst være en utpreget lokalavis. Andre aviser er for tiden så sterkt opptatt av de store begivenheter ute i verden at de greier ikke å få med seg et detaljert bilde av det folkeliv som er under utvikling rundt omkring på bygdene.» Slik heitte det i redaktør Halvor Toreskaas jr. si programerklæring då Ulefoss Avis kom ut med eit prøvenummer før jul i 1940. Vilkåra for avisdrift var ikkje av ein slik karakter at det var enkelt å etablere ei ny avis medan presse- og ytringsfridomen stadig blei innskrenka under krigen. Men avisa blei fort ein suksess. Ho fekk raskt mange abonnentar, men ifølgje redaktøren var det aldri nok pengar i kassa til at han eller andre medarbeidarar fekk løn i perioden før avisa blei stoppa. Drifta gjekk frå hand til munn.

 

Saman med faktor Leif Andersen greidde Toreskaas å omgå sensuren i eit år før han gjekk av etter at ein medarbeidar hadde trykt eit NS‑program bak hans rygg. Tre månader seinare gjekk avisa inn. Då avisa begynte å kome ut på nytt etter krigen, var det med Andersen som redaktør.

 

Avistrykkjeriet var ei sak for seg. I 1940 hadde Toreskaas jr. fått kjøpt eit handsatstrykkjeri og ei flatpresse for 1500 kroner på ein tvangsauksjon. Meininga var at han skulle livnære seg av diverse trykksaker, men så kom han på ideen om å søkje staten sin presseleiar i Telemark om løyve til publisering av eit vekeblad. Dermed omgjekk han føresegnene om å måtte trykkje propagandaartiklar og nazifiserte nyhendetelegram. Ein like stor prestasjon var innsatsen til typograf Asbjørn Brynhildsen. Han sette opp heile avisa for hand, bokstav for bokstav.

 

I 1946 kom det nynorske bygdebladet Songa ut i Lunde. Etter fire år gjekk bladet saman med Ulefoss Avis. Avisa fekk journalist Gerhard Hedlund som redaktør i 1952, og heilt fram til nedlegginga i 1970. Hedlund gjekk deretter over til Varden, der han blei ein viktig utbyggjar av lokaljournalistikken for Midt-Telemark.

 

Ulefoss Avis hadde alltid ein krins med svært skriveføre personar rundt seg. Artiklar og reportasjar om lokalhistorie blei litt av ein spesialitet, noko ikkje minst Gerhard Hedlund bidrog til. Av den grunn blei avisa svært populær også blant utflyttarar.

Litteratur

Truls E. Nordby: Varden. Fra fjord til fjell gjennom 125 år. Porsgrunn 1999

 

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017