Hopp til innhold

Vaksdalposten

Vaksdalposten, lokal vekeavisa for Vaksdal og Modalen i Hordaland.

Vaksdal kommune, nordaust for Bergen, har i etterkrigstida hatt fleire lokalaviser, mellom dei Vaksdalsnytt i 1975, som vart starta av Harald Stanghelle og i 1977 overteken av lokale arbeidarpartifolk. Dei heldt det gåande til 1987.
Seinare same året, 10. september 1987, kom Vaksdalposten ut med det første nummeret. Det var ei gruppe næringsdrivande på staden som såg behovet for eit lokalt annonseorgan. Dei tok initiativet og skipa det aksjeselskapet som framleis eig avisa.
Vaksdalposten kjem ut kvar torsdag og dekkjer kommunane Vaksdal og Modalen. Redaktør er Helge Furuholm, og avisa hadde i 2012 eit opplag på 2250 eksemplar. Den redaksjonelle målforma er nynorsk. Avisa har ei enkel nettutgåve.
Kjelder
Samtale med redaktør Helge Furuholm 6.4.2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Peikarar

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 05.02.2014