Hopp til innhold
X
Innhald

Verdens Gang (1868–1923)

Verdens Gang var ei avis som kom ut i Oslo mellom 1868 og 1923.

Fram til 1885 kom ho ut som vekeblad, og seinare som dagsavis. Med Ola Thommessen som redaktør frå 1878 til 1910 fekk avisa ein sentral posisjon på den liberale fløya i den politiske og kulturelle debatten i Noreg. I 1920 tok ho opp i seg Norske Intelligenz-Seddeler, men gjekk i 1923 sjølv inn i Tidens Tegn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.11.2016
Sist oppdatert: 19.12.2016