Hopp til innhold
X
Innhald

Vest-Agder

Avisa Vest-Agder i Farsund blei grunnlagd av venstrefolk som ville ha meir stoff frå distriktet og ei klarare haldning i målsaka og alkoholspørsmålet. Opplaget tok aldri av, og økonomien var dårleg. Etter vel 30 år var det slutt.

I byrjinga av 1930-åra gav venstrefolk i Farsund, på Lista og i Lyngdal uttrykk for misnøye med lokalavisa Lister. Denne avisa hadde gjennom mange år vore Venstre si avis i det same distriktet. Avisa var i liten grad oppteken av det som skjedde i byen og distrikta. Den drivande krafta i det nye tiltaket var grosserar Karl Briseid. Han fekk følgje av partivener på Lista og i Lyngdal, som i det stille planla utgiving av ei ny avis. Dei ønskte ei Venstre-avis som i tillegg skulle vere orientert mot fråhaldsrørsla og ta seg av målfolket sine hjartesaker. Det blei teikna kapital både i Farsund, på Lista og i Lyngdal. Ikkje store beløp, men tilstrekkeleg til at ein såg seg i stand til å kjøpe ei brukt flattrykkspresse og ein setjemaskin.

 

I 1934 blei det halde konstituerande generalforsamling. Karl Briseid blei vald til styreleiar, medan lærar Anders Grostøl frå Lista og smedmeister Sigurd Seland frå Lyngdal gjekk inn som medlemer av styret. Styret var oppteke av kven som var aktuell som redaktør. Valet fall på den unge Johannes Seland frå Flekkefjord. Seland kom til Farsund 20 år gamal og fekk onkelen sin, Bernt Seland, tidlegare redaktør i Haugesunds Avis, som medredaktør det første halvåret. Med eit betalande opplag på vel 500 var det smått med pengar og lite annonsar. Men i løpet av eit par år passerte ein 1000 abonnentar. Annonsespaltene blei dobla. Ved krigsutbrotet i 1940 var stadig Farsunds Avis større enn Vest-Agder.

 

I 1945 prøvde Vest-Agder å kome tilbake. Avisa var omfatta av stor velvilje. Richard Holmesland, som var farsundar, leidde avisa i eit par år. Det begynte med to utgåver i veka. Han blei etterfølgd av H. Holst-Roness frå Haugesund. Han gjorde sitt beste for å gi avisa nytt liv med ny setjemaskin og tre utgåver per veke. Roness gav etter seks–sju år opp og drog tilbake til Haugesunds Avis. Han blei etterfølgd av Per Håland og seinare av Kåre Hansen. Opplaget stod i ro, med vel 1200 abonnentar. Det var med mykje strev at redaktøren, som også var disponent, heldt skifteretten frå døra. Etter stadige økonomiske problem vedtok styret å avvikle drifta. Grunnen var at drivkrafta bak avisa, Karl Briseid, døydde. Det var Briseid som heldt liv i bedrifta dei siste åra, med pengar frå eiga kasse.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017