Hopp til innhold
X
Innhald

Vest-Telemark Blad

Vest-Telemark Blad, lokalavis i Telemark.

Det første nummeret av Vest-Telemark Blad kom ut i Kviteseid 13. november 1973, med Tore Skaug som redaktør. Avisa vart til etter eit grundig førebuingsarbeid og aksjeteikning i fleire av kommunane i Vest-Telemark. Også Studentmållaget i Oslo og Riksfondet for nynorsk presse støtta den nye avisa.
Avisa skulle dekkje dei vestre delane av Telemark, kommunane Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Økonomisk kom Vest-Telemark Blad på tryggare grunn etter kvart som ho fekk overtaket på annonsemarknaden i nedslagsfeltet sitt og fekk støtte både frå næringsliv og kommunar til å byggje eit nytt og moderne avishus.
Framgangen til den nye bygdeavisa medverka sterkt til betre dekning av vestfylket hos dei to store Skiens-avisene, Varden og Telemarksavisa. Og det hjelpte på opplagstalet til Vest-Telemark Blad at begge desse byavisene hadde vore talerøyr for norsk medlemskap i EEC. Avisa vart ei inspirasjonskjelde for andre som ville starte lokalavis i distriktet i 1970-åra, mellom anna Dølaposten på Otta, som starta i 1978 og dekte fleire kommunar i Nord-Gudbrandsdalen.
Vest-Telemark Blad kjem ut tre gonger i veka. Opplaget var i 1974 på 2900 eksemplar, i 2013 var det 5603. Redaktør er Knut Espelid. Avisa vert redigert på nynorsk og har ei enkel nettutgåve.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl.: Målreising i 75 år. Oslo 1982
Bjørn Bø, Øystein Dalland og Ola Svein Stugu: Tre aviser i Bygde-Norge. Altaposten, Driva, Vest-Telemark Blad. Oslo 1974
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Helge Reinholt: «Vest-Telemark Blad», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
lla.no
Peikarar

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 27.02.2014