Hopp til innhold
X
Innhald

Vesteraalens Avis

Vesteraalens Avis fekk ein av dei første kvinnelege redaktørane i Noreg i 1905, då 31 år gamle Nanna With tok over redaktørkrakken. I mellomkrigstida var profilen mindre progressiv. I dag er avisa lokalavis for Hadsel kommune og har så langt greidd seg i konkurransen med storebror, Bladet Vesterålen på Sortland.

Vesteraalens Avis (VA) blei skipa i 1892 av eit interessentskap, der mellom anna August Fosse, R. Rynning og Daniel Kildal var med, og var den einaste lokalavisa i Vesterålen fram til 1918. Først blei bladet trykt i Kabelvåg, men frå mai 1893 blei trykkinga flytta til Stokmarknes. Kildal og Fosse var dei første, ikkje namngitte, redaktørane for avisa.   

Frå 1905 til 1907 blei avisa redigert av Nanna With, dotter av hurtigrutepioneren Richard With. Ho er ein av dei første kvinnelege avisredaktørane i norsk pressehistorie. With blei seinare ein markant figur både i det nordnorske miljøet i Oslo, gjennom Nordlendingenes forening, og som aktiv i Norsk Yrkeskvinneforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Frisinnede Venstre (til 1927) og Oslo Kvinneparti. Ho redigerte også Sportsmanden i nokre år.

Ein seinare markant redaktør var Ludolf Hilberg Stavem (f. Sortland) (1911–23), karakterisert som ein «liberalt tenkende mand», «ofte til det yderste skarp i sin polemikk og paatale av folk og forhold». Bakgrunnen hans synte igjen i avisa sin profil. Han var aktiv styremedlem i fleire lokale verksemder og oppteken av å styrkje næringslivet i distriktet, særleg fiskerinæringa. Likeins var avisa eit middel for å tale nordnorske næringsinteresser si sak sørpå. Arbeid for å knyte landsdelen til resten av landet og arbeid for turisme og reiseliv blei stadig fremja, og denne linja blei ført vidare også etter andre verdskrigen.

Avisa skulle ikkje «hævde noget bestemt politisk standpunkt» frå starten av, men var klart borgarleg, med affinitet til Frisinnede Venstre før andre verdskrigen. I mellomkrigstida hadde ho dessutan ein klart antikommunistisk og antisovjetisk profil, og støtta til fascismen og nazismen i Italia og Tyskland var grunngitt i slike forhold. Med i det ideologiske tankegodset til avisa på den tida følgde også ein slump antisemittisme.

Avisa var tett knytt til Stokmarknes Aktietrykkeri, som selde avisrettane til Lofotposten i 1948. I 1951 blei rettane kjøpte attende, og fram til 1999 eigde trykkjeriet mellom 30 og 50 prosent av avisa. «Verdensavisa», som ho heitte på folkemunne, kom ut i tabloidformat tidleg i 1950-åra. Sviktande og ujamne annonseinntekter, både i 1950- og 60-åra, førte til at utgivingane mellom 1963 og 1971 blei reduserte frå tre til to nummer i veka. I 1987 blei trykkinga overført til Lofotposten, men det hjelpte lite i konkurransen med naboavisa på Sortland, Bladet Vesterålen, som i 1993 passerte 10 000 i opplag og åt seg inn på VA sitt område frå sitt nyoppretta Stokmarknes-kontor. Redaktør frå 1975 var Margot Notø Vik.

Avisa gjekk inn i det nye tusenåret med eit netto opplag på 2885, men sidan har opplagstalet gått ned i takt med nettavisene sitt inntog. Med kommunikasjonsutvikling og endringar i den regionale mediemakta blei avisa frå 2008 trykt ved trykkjeriet til Harstad Tidende Gruppen i Harstad. Via Harstad Tidende er Vesteraalens Avis no eigd av Polaris Media.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017