Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsnytt

Avisa Vestlandsnytt i Herøy er ei av dei største bygdeavisene i Møre og Romsdal.

Herøy fekk si lokalavis i 1935. Denne avisa var i høg grad eit produkt av innsatsen til ein avisgründer, Olav Aurvoll. Han kom frå nabokommunen Sande og var frå ungdomen av fast bestemt på å etablere ei ny avis, same kvar. Valet fall til slutt på Fosnavåg, kommunesenteret i Herøy, og prøvenummeret av den nye avisa Vestlandsnytt kom ut 11. januar i 1935. Utanom Herøy skulle avisa òg dekkje nabokommunane Sande og Rovde (sistnemnde er no ein del av Vanylven kommune).

Redaktør Aurvoll satsa på lokalstoff, men også på variert stoff frå Noreg og utlandet, og ikkje minst allment opplysningsstoff.

Den første tida blei avisa trykt i Ålesund, og det tekniske utstyret var enkelt. Men avisa slo an, og opplaget har auka jamt og trutt heilt til på 2000-talet. No er Vestlandsnytt den nest største bygdeavisa i Møre og Romsdal, berre slått av Møre-Nytt i Ørsta.

Men at ei lokalavis blir populær, vil ikkje seie at ho er lett å gi ut. Også denne avisa måtte slite. Ho har vore avhengig av dugnadsinnsats og kunne stoppe heilt opp i periodar.

I 1951 forlét Aurvoll Herøy og drog til Rosendal i Hardanger for å starte lokalavisa Grenda der. Dei som overtok, var forfattaren Bjarne Rabben og den unge skulemannen Frantz G. Frantzen. Like etter drog Frantzen til Volda for å ta lærarutdanning. Då han kom tilbake til heimstaden, tok han på seg ansvaret med å gi ut og redigere avisa, og gav avkall på læraryrket. Men avisa sleit, og det var full stopp i nesten heile 1956, før avisa igjen kom i eit nokolunde normalt lege. Men helsa til redaktør Frantzen skranta, og han døydde i 1976, berre 49 år gamal.

Då stod sonen, Fred Frantzen, klar til å overta, 24 år gamal. Han var også ein svært god fotballspelar, og han var i 1980 med på å spele det lokale laget Bergsøy opp i nest øvste divisjon. Då kunne han truleg ha spela på eit endå høgare nivå, men han valde å bli heime og halde fram med redaktørgjerninga.

Som andre lokalaviser var også Vestlandsnytt med på den rivande tekniske utviklinga dei siste tiåra: fotosats, offset, tabloidformat og datateknologi i heile produksjonsprosessen og administrasjonen.

I 1987 blei Fred Frantzen avløyst av Jann Flatval som redaktør. Seinare tok Endre Vorren over redaktørstolen, medan Fred Frantzen var eigar av Vestlandsnytt. Vestlandsnytt var familieeigd fram til 2017, då Sunnmørsposten kjøpte alle aksjane i selskapet. Avisa var lenge ei av dei få som ikkje har eiga nettutgåve, men papiravisa kunne lesast i pdf-versjon. I 2018 fekk avisa eigen nettstad. 

Peikarar

Nettstaden til Vestlandsnytt

Bjarne Rabben: Vestlandsnytt. Bodberar i 60 år. Fosnavåg 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

«Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt», smp.no 28.4.2017

«Velkommen til vestlandsnytt.no», vestlandsnytt.no 1.2.2018, arkivert nettside 17.3.2018 hos Wayback Machine

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 19.10.2018