Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandsposten

Vestlandsposten var i sine velmaktsdagar i 1880-åra den største avisa i landet utanom hovudstaden. Avisa var talerøyr for den moderate delen av Venstre. Etter «fallet» til redaktør Lars Oftedal tapte avisa mykje av den posisjonen ho hadde hatt.

I si stordomstid var Vestlandsposten den nest største avisa i landet, etter Verdens Gang, og på bygdene var ho størst. Avisa var det moderate Venstre sitt hovudorgan, ein landsomfattande talarstol for Lars Oftedal og den viktigaste inntektskjelda i det omfattande private omsorgskonsernet hans.

 

Med Vestlandsposten fekk avislesing eit gjennombrot på Vestlandet. Frå ein smålåten start på 600 eksemplar i 1878, voks opplaget raskt, til det nådde 9000 i 1884.

 

Namnevalet signaliserte at Lars Oftedal ønskte at dette skulle vere noko langt meir enn ei byavis for Stavanger. Vestlandsposten blei verande ei av dei viktigaste nasjonale opinionsavisene, og storavisa på Vestlandet, til etter at Lars Oftedal tilkjennegav syndene sine i 1891 og måtte forlate redaktørstolen.

 

Redaktørstolen blei overteken av Ole Vollan, som i mange år alt hadde vore den reelle politiske redaktøren. Han sende artiklane sine frå Bergen kvar kveld med Nattruta, medan Jakob Sverdrup skreiv frå hovudstaden.

 

Lars Oftedal ville bruke pressa si aukande makt til å prege sed og skikk i kristen retning, og gjennom Vestlandsposten skulle den vestlandske vekkinga gi både religiøs og politisk opplysning utover heile landet. Demokratiske kyrkjereformer var viktige, det same var den framoverstormande målsaka. Men Vestlandsposten var òg levande oppteken av utviklinga av nye kommunikasjonar, grøfting, godt fjøsstell og verdspolitikken. Lokalt fungerte avisa også som motkultur mot den etablerte borgarskapen i Stavanger, Alexander Kielland sine folk. Byen var inne i ei historisk omvelting, det rike sildefisket hadde ført til ei innflytting som gjorde at Stavanger voks tre gonger så raskt som andre norske byar. Sildeeksporten skapte kapital, men også aukande fattigdom, og dei sosiale motsetningane voks.

 

I dei nasjonale stridsspørsmål søkte Oftedal, Vollan og Vestlandsposten inn mot sentrum, «til det radikale Parti hører vi saaledes ikke». Avisa var vaktar av konstitusjonen og monarkiet, men valde å gå saman med Venstre i vetostriden i 1880.

 

Den politiske utviklinga etter at ministeriet Sverdrup fall i 1889, svekte også Vestlandsposten sin posisjon som politisk riksorgan, og med Oftedal sitt berømte fall i 1891 fall også autoriteten hans bort. Avisa hangla vidare til 1916, då ho saman med dagbladet Vestlandet gjekk inn i Stavangeren.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017