Hopp til innhold
X
Innhald

VestNytt

VestNytt, lokalavis for øykommunane Fjell, Sund og Øygarden i Hordaland. Avisa kjem ut på Straume, kommunesenteret i Fjell.

Det første nummeret av VestNytt kom i 1987, etter at dei tidlegare lokalavisene Sotranytt og VestGula hadde gått inn. Geir Magnus Nyborg var den første redaktøren. Det var lokale interessentar som stod bak, men i 2008 vart Vestnytt overteken av Bergens Tidende.
Avisa kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, og ho dekkjer kommunane Sund og Fjell på Sotra, og Øygarden. Innhaldet er både på nynorsk og bokmål, nokså jamt fordelt. Redaktør er Elisabeth Netland, og opplaget var 5914 eksemplar i 2013.
Kjelder
Samtale med redaktør Elisabeth Netland 4.12.2010
lla.no

Peikarar

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 27.02.2014