Hopp til innhold
X
Innhald

Ytringen

Ytringen i Ytre Namdal var ei av fleire lokalaviser som blei grunnlagde i 1970- og 80-åra. Gründeren og forfattaren Egil Hyldmo stod bak tiltaket, og avisa har greidd seg godt sidan.

Ytringen er namnet på avisa for Ytter-Namdalen. Det var Egil Hyldmo som grunnla avisa. Han gjorde på førehand ei marknadsundersøking, for å sjå om det kunne vere grunnlag for eit blad i dette området. Han skipa òg til ein namnekonkurranse. Ytringen fanga opp i seg både det geografiske og ideen om at avisa skulle vere eit talerøyr for lokalsamfunnet. Avisa dekte i byrjinga kommunane Fosnes, Nærøy, Vikna og Leka i Nord-Trøndelag og Bindal i Nordland. I dag satsar avisa først og fremst på Nærøy, Vikna og Leka.

Gründeren Egil Hyldmo kom frå redaktørstillinga i Stjørdalingen. Første nummer av Ytringen kom 31. august 1982. Våren 1982 hadde Hyldmo gitt ut eit prøvenummer, ei stor avis på 48 sider. I 14 dagar hadde han og medspelarane samla stoff og annonsar. Annonsetilgangen var god, og annonsane gav driftskapital i startfasen.

Avisa blei først trykt i Brønnøysund, seinare i Trondheim, og no blir avisa gjord ferdig i Namsos. I byrjinga var det ein journalist, ein kontormedarbeidar og ein deltidsseljar, ved sida av redaktør Hyldmo, som òg var disponent og annonseseljar. I tillegg skaffa dei seg eit nett av frilansarar i alle kommunane.

Ulike lag blei engasjerte til å selje abonnement. Ved første årsskiftet var talet på tingarar over 3000. Avisa blei altså godt motteken. I distriktet hadde det før kome ut avis i Rørvik, men den var slått saman med Nordtrønderen og Namdalen i Namsos. Det var behov for ei ny avis for Ytter-Namdalen, der folk var vane med å ha eiga avis.

Ytringen etablerte også ein nærradio, Radio Ytringen, eit namn som Språkrådet gav pris for. Ytringen hadde redaksjonsfilial i Rørvik, der dei laga stoff både til radio og avis. Ei tid dreiv dei òg papirhandel i same huset som avisa heldt til i på Kolvereid. Frå 1984 fekk dei eiga teknisk avdeling. Avisa har heile tida kome ut to gonger i veka, tysdag og fredag.

I 1993 selde Hyldmo Ytringen til Trønder-Avisa i Steinkjer. Seinare har Helgelands Blad kome inn som største eigar, med 49 prosent, medan Trønder-Avisa sat med 47 prosent av aksjane fram til 2016. Då selde dei aksjane til medieinvestoren Odd Øie.

Egil Hyldmo var redaktør for Ytringen i tre–fire år og blei seinare forfattar på heiltid. Seinare har Tom Lysø, Are Mo, Sturla Nordbø, Tore Åsheim, Steinar Flasnes og Tor Ludvigsen vore redaktørar. Redaktør i 2016 er Morten Wengstad.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017