Hopp til innhold
X
Innhald

Göteborgs Handels- och Sjöfarts-Tidning

Göteborgs Handels- och Sjöfarts-Tidning var ei svensk dagsavis som vart grunnlagd i Göteborg i 1832 som økonomisk fagblad.

Ho hadde glansperiodane sine under sjefredaktørane S.A. Hedlund (1852–1900) og Torgny K. Segerstedt (1917–45). Avisa førte ein djerv kamp mot nazismen. Ho måtte gå inn i 1973 og oppstod seinare som vekeavis, men gjekk endeleg inn i 1985.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.11.2016
Sist oppdatert: 21.12.2016