Hopp til innhold

Skandinaven

Skandinaven var den største og mest radikale av dei norskspråklege avisene i USA.

Skandinaven vart starta i Chicago i 1866, med John Anderson som eigar og Knud Langeland og Iver Lawson som redaktørar. Grunntanken med avisa var å fremje det amerikanske likskapsidealet, og Skandinaven fekk snart ry som ei progressiv avis. Ho synte sympati for arbeidarklassa, kvinners likestillingskrav og lågkyrkjeleg kristendom, og avisa vart skulda for fritenkjeri og sosialisme. Då unionsstriden stod på i Noreg, tok avisa klart standpunkt for norsk sjølvstende.

Avisa var tolerant og modig, men kunne ikkje satse på idealisme åleine. Som forretningsførar var Anderson oppteken av å styrkje avisa sin økonomi. Han kjøpte opp norskspråklege aviser, mellom dei Marcus Thrane si radikale Chicago-avis, og utvida Skandinaven med søndagsavis og litterære bilag. Publikasjonen Husbiblioteket baud på noveller og dikt og norske og omsette romanar, og i 1870-åra sikra avisa seg kulturradikale norske bidragsytarar som Kristofer Janson og Bjørnstjerne Bjørnson. I 1876 supplerte Anderson avisdrifta med boktrykkjeri og bokhandel, og skapte slik eit mediehus som gjorde Chicago til den leiande norske bokbyen i Midtvesten.

Skandinaven fekk utbreiing over heile USA og nådde eit høgdepunkt rundt 1905. Då var opplaget 48 000, større enn noka avis i Noreg. I 1941 vart Skandinaven kjøpt opp av ein av dei argaste konkurrentane, Decorah-Posten.

Kjelder

Odd S. Lovoll: Norske aviser i Amerika, omsett av Lovoll og Astrid Skår. Oslo 2012

Gerald H. Thorson: «First Sagas in a New World: A Study of the Beginnings of Norwegian-American Literature», naha.stolaf.edu: https://www.naha.stolaf.edu/pubs/nas/volume17/vol17_5.html [lesedato 25.9.2018]

Orm Øverland: «Skandinaven and the Beginnings of Professional Publishing», naha.stolaf.edu: https://www.naha.stolaf.edu/pubs/nas/volume31/vol31_08.htm [lesedato 25.9.2018]

Peikarar

Bilete av Skandinaven sitt avishus i Chicago, nb.no

Først publisert: 11.12.2018
Sist oppdatert: 11.12.2018