Hopp til innhold
X
Innhald

Landslaget for lokalaviser

Landslaget for lokalaviser, organisasjon skipa i 1976 for å styrkje lokalavisene.

Landslaget for lokalaviser (LLA) vart skipa på Voss 15. mai 1976 med det føremålet å styrkje lokalavisene, slik at dei kan tene og stimulere demokratiet, kulturen og næringslivet i lokalsamfunna. Skipingsnamnet var Landslaget for norske bygde- og bydelsblad. Året etter vart namnet endra til Landslaget for norske bygdeblad, og i 1983 tok organisasjonen namnet Landslaget for lokalaviser.
Initiativet til organisasjonen vart teke av Ingolv Vevatne, styremedlem i avisa Grannar i Etne i Hordaland. Første året hadde organisasjonen 25 medlemer, ti år seinare 35, og i 1995 hadde talet auka til 63. I dag har Landslaget for lokalaviser rundt 110 medlemsaviser med eit samla opplag på ca. 360 000. Dei fleste medlemsavisene er fådagarsaviser som kjem ut ein, to eller tre dagar i veka.
Organisasjonen samordnar felles saker for medlemsavisene og er talerøyr overfor styresmaktene og andre som medverkar til rammevilkåra i avisbransjen. LLA skipar òg til avisfaglege kurs og deler ut mellom anna prisen Årets lokalavis.
Sidan skipinga i 1976 har LLA arbeidd for ei fordeling av pressestønaden som betre tener lokalavisene. I 1989 fekk organisasjonen gjennomslag for at også aviser som kjem ut ein gong i veka med minst 1000 eksemplar, skal ha produksjonstilskot. LLA har frå 1992 vore representert i alle viktige utval mellom stat og presse. Organisasjonen var såleis representert i Dagspresseutvalet som i 2000 la fram ei mediemelding som framheva lokalavisene si rolle.
Styret i Landslaget for lokalaviser har sju medlemer og tre varamedlemer. Ståle Melhus frå Fanaposten har vore styreleiar sidan 2010. Rune Hetland har vore generalsekretær sidan 1995.
Kjelder
Gard Espeland: Lokalavisa nær og kjær. Oslo 2006
Gard Espeland: Tolk og tenar for lokalsamfunnet. Nærpressa i samarbeid gjennom 25 år. Oslo 2001
Guri Hjeltnes (red.): Norsk presses historie. Bd. 3. Oslo 2010
Egil Hyldmo: Landslaget for lokalaviser 1976–1996. Ein avisorganisasjon veks fram. Oslo 1996
Landslaget for lokalaviser: Årsmøte i Lokallaget for lokalaviser 2012. [Årsmøtepapir 2012]
 
Nettstaden til Landslaget for lokalaviser:
http://lla.no/om-lla/ [Lesedato 23.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 02.11.2015