Hopp til innhold

Nynorsk pressekontor

Nynorsk pressekontor, pressebyrå.

Nynorsk Pressekontor (NPK) blei skipa i 1969 av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen for å styrkje nynorsk i pressa. Med støtte frå mållag og ungdomslag hadde Daniel Helset i 1918 skipa Norsk Pressekontor for den same saka. Han endra seinare namnet til Norsk Bladkontor og dreiv det som privat bedrift iallfall til slutten av 1950-åra. Ei tid hadde han seks–sju tilsette.

Då ordninga med pressestøtte blei vedteken våren 1969, løyvde Stortinget 75 000 kroner til eit nynorsk pressekontor etter initiativ frå Noregs Mållag, som også fekk i oppgåve å stå for etableringa av kontoret.

Stortinget har gitt årlege løyvingar frå 1970. I etableringsfasen spela stortingsrepresentant Osmund Faremo ei avgjerande rolle.

Til stiftinga Nynorsk Pressekontor vel Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag styremedlemer. Frå 2015 har Tom Hetland vore styreleiar.

Aani Rysstad var redaktør i 21 år frå 1. desember 1969, og etter Asgeir Oldens tid 1991–2005 tok Arne Sigurd Haugen over. Karoline Riise Kristiansen var redaktør 2009–2020. Frå februar 2020 har Jan Inge Fardal vore redaktør. 

Den daglege drifta blei frå 2007 overteken av NTB, og NPK blei då samlokalisert med NTB. Nynorsk Pressekontor er medlem i Nynorsk Forum.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Nettstaden til Nynorsk Pressekontor

Først publisert: 17.09.2009
Sist oppdatert: 14.02.2020