Hopp til innhold

Den norske bokbyen

Den norske bokbyen

Den norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland ved Sognefjorden. I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.

Les meir om Den norske bokbyen

Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget, forlag og litteraturselskap. Dette var den første bokklubben i landet og er i dag det fremste forlaget for utgiving av nynorsk litteratur.

Les meir om Det Norske Samlaget

Fonna Forlag

Fonna Forlag, nynorsk forlag. Dei har i alle år satsa på populær litteratur og gir framleis ut den legendariske teikneserien Ingeniør Knut Berg.

Les meir om Fonna Forlag

Norsk Boksamling

Norsk Boksamling, Anton Aures samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt, kjøpt av Det Norske Samlaget i 1925 og deponert i Universitetsbiblioteket, som supplerte samlinga fram til 1979. Delar av samlinga er i dag plassert i Ivar Aasen-tunet.

Les meir om Norsk Boksamling

Penna Forlag

Penna Forlag, forlag med base i Førde i Sunnfjord. Har som mål å gi ut bøker for folk flest, særskilt retta mot vestlandsregionen.

Les meir om Penna Forlag

Selja Forlag

Selja Forlag vart skipa i Førde i 1996 og er eit reint nynorskforlag. Forlaget har gitt ut kring 150 bøker, alle retta mot bokmarknaden på Vestlandet.

Les meir om Selja Forlag

Skald forlag

Skald forlag vart skipa i Leikanger i 1991, og har gitt ut over 160 bøker i ei rad ulike sjangrar. Forlaget gir i hovudsak ut bøker på nynorsk.

Les meir om Skald forlag