Hopp til innhold
X
Innhald

Penna Forlag

Penna Forlag, forlag med base i Førde i Sunnfjord. Har som mål å gi ut bøker for folk flest, særskilt retta mot vestlandsregionen.

Forlaget vart etablert i februar 2007 og er ått og drive av Johannes Nikolai Fleten og Iris Loftheim Valaker. Fleten dreiv tidlegare bokhandel i Førde, og Loftheim Valaker har bakgrunn frå Selja Forlag. Forlaget hadde i 2008 ei omsetjing på 610 000 kroner.
Utgivingane på Penna fell innanfor eit breitt spekter, og forlaget har ikkje avgrensa seg til berre éin type bøker. Katalogen femner om bøker med så ulike tema som motbakkeløp, reising, dikt, praktbøker om Førde og verandafilosofi. Ved inngangen til 2010 hadde forlaget gitt ut sju titlar.
Fleire av bøkene er utprega visuelle, med ein kombinasjon av tekst og foto. Dette gjeld både Motbakkemoro av Kristin Roset, Kjælne kjevler og tomme hender av Hans Sande og Ole Fretheim, og dei to bøkene til Stig Roger Eide: Til Førde, og Stig ut i naturen. Også reiseboka Til høgre for Machu Piccu av Heidi Hattestein inneheld mykje fotomateriale.
Kjelder
Nettsidene til Penna Forlag: www.penna.no [lesedato 22.03.2010]

Først publisert: 22.03.2010
Sist oppdatert: 13.05.2013