Hopp til innhold

Skald forlag

Skald forlag vart skipa i Leikanger i 1991, og har gitt ut over 160 bøker i ei rad ulike sjangrar. Forlaget gir i hovudsak ut bøker på nynorsk.

Lars Nes og Jon Skjerdal skipa Skald med det føremålet «å planleggja og gjennomføra prosjekt innan kulturområdet». Dei siste åra har forlaget gitt ut 12–15 bøker kvart år. Sentrale forfattarar er Oddleiv Apneseth, Odd Njøs, Norvald Tveit, Katrine Sele og Kristian Finborud. Kjende titlar er Godnattboka, som fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 2007, og Johs. B. Thue si bok Flåmsbana. Fleire utgivingar har vunne Grafill-prisar for Årets vakraste bøker.
 
Skald hadde i 2010 ein omsetnad på 6,8 millionar kroner i året, med fire årsverk. Med åra har forlaget satsa meir nasjonalt, med reiselivs- og barnebøker, men dei fleste utgivingane er retta mot bokmarknaden på Vestlandet. Hovudkontoret er ein del av Leikanger næringshage, i tillegg har forlaget kontor i Bergen med to tilsette.
                                           
Kjelder
Brit Aksnes
Unni Torgersen
Lars Nes
Ottar Grepstad: Språkfakta 2010. Hovdebygda 2010
«Skald Forlag fyller 15 år», Aftenposten Morgen 22.8.2006
Skald forlag, nettstad, http://skald.no/om/ [lesedato 23.3.2011]

Først publisert: 28.10.2011
Sist oppdatert: 13.05.2013