Hopp til innhold

Herborg Bryn

Herborg Bryn, journalist, programleiar og kommunikasjonsarbeidar. Ho var som kanalsjef for NRK P2 sentral i utviklinga av radiokanalen sin profil.

Les meir om Herborg Bryn

Ragnhild Bjørge

Ragnhild Bjørge, målkvinne og journalist. Ho var prosjektleiar for Aksjon nynorsk data 2000, som var med på å påverke Microsoft til å omsetje dei sentrale dataprogramma sine til nynorsk.

Les meir om Ragnhild Bjørge

David Olsson Bakke

David Olsson Bakke, bonde, målmann, avisredaktør, stortingsmann og lokalhistorikar. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste radikale bygdepolitikarane på Vestlandet.

Les meir om David Olsson Bakke

August Bosse

August Jacob Bosse, typograf og målmann, fagforeiningsleiar og omsetjar. Han var typograf i Den 17de Mai og omsette Det kommunistiske manifestet til nynorsk.

Les meir om August Bosse

Harald Bøe

Harald Bøe, lærar, rektor og næringslivsjournalist i NRK Rogaland og NRK Dagsnytt, med ei markant nynorskrøyst i nesten 30 år.

Les meir om Harald Bøe

Arnfinn Bruflot

Arnfinn Bruflot, norskamerikansk handverkar, redaktør, forfattar og målmann. Bruflot er den siste norskamerikanaren som har skrive om livet som utvandrar på nynorsk.

Les meir om Arnfinn Bruflot