Hopp til innhold
Bernt Bøe. Foto: Driva. Nytta etter avtale.
Bernt Bøe. Foto: Driva. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Bernt Bøe

Bernt Idar Gudrunson Bøe har i mange tiår drive eit mangfaldig og omfattande kulturarbeid på Nordmøre, både som opphavsmann, utøvar og arrangør.

Bernt Bøe er fødd i Bøfjorden i noverande Surnadal kommune 25. februar 1947. Han utdanna seg til lærar, seinare også organist. Bøe var lærar og rektor ved Bøfjorden skule frå 1969 til 1998. Så var han organist i Stangvik prestegjeld til 2016, etter å ha vore organist på deltid i heimlege Åsskard kyrkje frå 1975.

Bøe har skrive mange bøker og jubileumsskrift med rot i lokalhistorie på Nordmøre, med emne som skule, kyrkje, sjøfart, idrett og setring. Sidan 1970-åra har han vore bidragsytar i ei rekkje årbøker og tidsskrift, også nasjonale. Han redigerer «Gamle Nordmør», årboka til Bøfjorden Historielag, var redaktør i Kyrkjeblad for Indre Nordmøre i 16 år og skriv i avisene Driva og Tidens Krav.

Bøe er ein ettertrakta kåsør og har stor forteljarglede, både i skrift og tale. Som arrangør står han bak mange tilbod, til dømes kulturarrangementet «Jonsvaka» årleg sidan 1982. Han har vore dirigent for ei rekkje kor, har komponert salmar og songar, også med eigen tekst, og har skrive fleire kabaretar. I tillegg har han omsett korverk frå latin, tysk og engelsk.

Bøe er tildelt Målprisen frå Nordmøre Mållag (1986), Kuliprisen frå Nordmøre Historielag (1990), Kleivaprisen (Surnadal kommune sin kulturpris, 2002) og Kongens fortjenstemedalje (2015).

 

Kjelder

Tekstmelding frå Bernt Bøe 24.1.2020

 

Ole T. Strand: «Ble overrasket med kongelig heder i kirka», tk.no, publisert 4.7.2015: https://www.tk.no/nyheter/surnadal/ble-overrasket-med-kongelig-heder-i-kirka/s/5-51-84463 [lesedato 22.1.2020]

 

Peikarar

Bjørn Tore Brøske: «Med segl og Wichmann i Storstuå», trollheimsporten.no, publisert 30.10.2010

Driva: «Klar for et nytt spennende år på sjøbruksmuseet», driva.no, sist oppdatert 28.4.2019

Jon Olav Ørsal: «Produktiv pensjonist – to hefte med historisk materiale frå Bøfjord Historielag til jul», todalen.no, publisert 11.12.2018

Først publisert: 09.09.2020
Sist oppdatert: 09.09.2020