Hopp til innhold
Marit Lund Bødtker. Foto: Harry Thomas Cleven. Nytta etter avtale.
Marit Lund Bødtker. Foto: Harry Thomas Cleven. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Marit Lund Bødtker

Marit Lund Bødtker, journalist og forfattar, har gitt ut barnebøker, romanar og sakprosa, der temaet gjerne er personar som bryt med gjengse oppfatningar av kva som går an.

Lund Bødtker er fødd 16. juni 1941 i Sulitjelma, Nordland. Sidan 1961 har ho i hovudsak budd i Oslo. Ho gjekk Statens bibliotekskole i 1964, Journalisthøgskolen i 1985–87 og har arbeidd som bibliotekar, journalist og tidsskriftredaktør. Sidan 1990 har ho vore frilansjournalist og forfattar. Frå 2010 til 2015 var ho styremedlem i Nordnorsk Forfatterlag, dei to siste åra som leiar.

Ein raud tråd i Lund Bødtker sin forfattarskap er omtanken for menneske som er meir sårbare enn andre. Ho debuterte med barneboka Kristian og kniven i 1990. I 1993 følgde Kristian i gruva og i 1995 Kristian til værs, alle lettlesne bøker og gitt ut på både nynorsk og bokmål. I skodespela Surribabel. Sytti år og nyforelsket (1999) er det ei gamal dame som er hovudpersonen, i Kjærlighet mot strømmen (2005) er det unge Katja som strevar med å forstå spelereglane i vaksenverda. Skodespelet om Katja er òg gitt ut som kortroman, med forenkla innhald.

Dødsdømt nr. 989 (2014) er ei dokumentarbok om dødsstraff. Innhaldet byggjer på ti års brevveksling mellom Lund Bødtker og ein dødsdømd fange i Texas, som ho òg fekk høve til å møte i fengselet. I boka reflekterer ho over den kollektive mentaliteten som forsvarer dødsstraff og demoniserer den dømde, uavhengig av skuld. Boka er omsett til engelsk.

I oppvekstromanen Sulitjelma var solens øye (2015) fortel ho om barndom og ungdomstid i Sulitjelma, men forteljinga har ei spennvidd på tre generasjonar. I alt har forfattaren gitt ut eit titals bøker.

Lund Bødtker var den første i Noreg til å tilby nettkurs for å lære forfattarar å gi ut bøkene sine sjølve. Sidan 2015 har ho drive publisering på eige forlag, Yuniku.

 

Kjelder

Tekstmelding får Marit Lund Bødtker 19.9.2019

Telefonsamtale med Marit Lund Bødtker 21.11.2019

 

Marit Lund Bødtker: Kjærlighet mot strømmen. Stamsund 2005

Marit Lund Bødtker: Dødsdømt nr. 989, med forord av John Peder Egenæs. Oslo 2014

Cato A. Hultmann: «Sulitjelma var solens øye». Saltenposten 29.8.2015

Peikarar

Rolf Normann Svensen: «Bok om dødsstraff», nordnorsk-magasin.no

Først publisert: 03.01.2020
Sist oppdatert: 16.06.2020