Hopp til innhold

Norman Black

Norman Black, amerikanar som starta Vinlands Mållag og nynorskavisa Ny Verd i New York.

Norman Black er fødd 21. mai i 1936 i New York og vaks opp i Brooklyn. Foreldra hadde ikkje norske anar – faren var av russisk ætt og mora av irsk. Black utdanna seg til journalist og arbeidde i fleire år i dei store telegrambyrå Associated Press og United Press International. Seinare vart han tilsett i New York News. Etter at han forlét pressa, arbeidde han som informasjonskonsulent i eit verdsomspennande storkonsern.

Under eit opphald i Noreg vart han gift med ei norsk kvinne og lærte seg bokmål. Men Garborg-romanane Fred og Bondestudentar vekte interessa hans for nynorsk, og han gjekk over til denne målforma. I 1972 starta han Vinlands Mållag og i 1973 avisa Ny Verd, der han vart bladstyrar, forretningsførar og lysingssjef. Black var den som skreiv mest i avisa, og han pakka og sende ut avisene sjølv. Første året kom Ny Verd ut med to nummer, seinare fire nummer årleg.

Black var svært språkleg konservativ og heldt seg til 1938-rettskrivinga. Både i skrivemåte og målpolitikk stod han langt frå språksynet til dei fleste målfolk i Noreg, og han uttalte at han var vonbroten over målfolk i Noreg som ikkje tok han på alvor. Ny Verd, som på det meste hadde 3000 tingarar, fekk støtte frå bokmålstalande forretningsmenn i New York. Avisa gjekk inn i 1981, men mållaget heldt det gåande til 1999.

 

Kjelder

Dag og Tid, nr. 45, 11.11.1982

Først publisert: 02.11.2020
Sist oppdatert: 02.11.2020