Faktaboks

Asbjørn Dørumsgard
Fødd
28. november 1887, Rælingen, Akershus
Død
12. november 1968, Rælingen, Akershus

Asbjørn Dørumsgard var ein norsk lyrikar, journalist, lokalpolitikar og lokalhistorikar. Han debuterte i 1910 med Under plogen, og er rekna som ein av dei fremste «romeriksdiktarane» gjennom tidene.

Asbjørn Dørumsgard var fødd i Rælingen. Han ville bli lærar og byrja på Elverum lærarskule, men måtte avbryte studia på grunn sjukdom. I staden tok han til som journalist. Han var redaktør for lokalavisa Viken på Lillestrøm i 1909, ungdomsbladet Speideren i 1910 og redigerte ei tid målbladet BondenGjøvik. Han blei redaktør av den nyskipa Akershus Social-Demokrat i Lillestrøm frå 1913, og i 1921 skipa han Lillestrømsposten, som etter ti års drift gjekk inn i Akershus Arbeiderblad.

Lokalpolitikaren

Dørumsgard blei tidleg politisk engasjert. Han var med på å skipe Rælingen Arbeidarparti i 1910, blei vald til ordførar i Fet 27 år gammal i 1914 og var med det den yngste ordføraren i landet. Etter kommunedelinga i 1929 heldt han fram som ordførar i Rælingen fram til 1931 og blei med det den første ordføraren i bygda. Han var kommunestyrerepresentant i til saman 54 år og hadde elles ei rekkje politiske verv opp gjennom åra, mellom anna var han i mange år medlem av formannskapet og skulestyret.

Forfattarskapen

Dikting

Men det var diktar han først og fremst ville vere. Han tok tidleg til å skrive. Det første diktet han hadde på prent, i 1904, var vigd minnet om Per Sivle. I 1910 kom diktsamlinga Under plogen, som synte at han var påverka av diktarar som Arne Garborg, Per Sivle og Anders Hovden. Til saman gav han ut femten diktsamlingar. Som lyrikar nytta Dørumsgard både nynorsk og bokmål, i tillegg til romeriksmål. Det nasjonale og heimlege var dominerande emne i diktinga hans. Heimstadpoesien på romeriksmål blir rekna som dei beste dikta hans, til dømes i samlinga Jordmål (1937). Han gjendikta òg klassisk poesi, slik som i Storskau i atterskin (1943). Med Skytilen går (1966), som var eit festskrift til 80-årsdagen, kom eit utval av dikta hans. Fleire av dikta er i nyare tid blitt tonesette av Tom G. Bengtson.

Lokalhistoriske verk

Dørumsgard skreiv fleire lokalhistoriske verk, mellom anna Fet og Rælingen herreder i hundreåret 1837–1937 (1937) og Rælingen. Trekk av bygdehistorien (1955), der han gjorde omfattande bruk av munnlege kjelder – folkeminne, segner og ordtak – i framstillinga av bygdehistoria. Han var leiar av Romerike historielag frå 1959 til 1967.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rune Andersen: Kulturminner på Romerike. Nesodden 2004
  • Tom G. Bengtson: Viser langs skogsti og kløvereng. Lillestrøm 2017
  • «Asbjørn Dørumsgard 1887–1968», i Erling Østerud: Romerikstun. Årbok 1970, bd. 7, s. 16–32. Romerike historielag, Lillestrøm 1970
  • Festskrift til Asbjørn Dørumsgard på 70-årsdagen 28. februar 1957, utgitt av Romerike historielag, Romerike ungdomsforbund og Romerike ættehistorielag
  • Magnus Johnsbråten: Asbjørn Dørumsgard og diktinga hans. Oslo 1937
  • Magnus Johnsbråten: «Asbjørn Dørumsgard – dikter og stridsmann. En biografisk skisse», i Festskrift til Asbjørn Dørumsgard på 70-årsdagen 28. februar 1957, s. 1–17
  • Leif Thingsrud: «Politikeren Asbjørn Dørumsgard – en splittende samlingsfigur», i Halfdan Karlsen (red.): Rælingen Arbeiderparti 1910–2010. Rælingen 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg