Hopp til innhold
Astrid Sverresdotter Dypvik. Foto: Mariann Tvete / Samlaget. Nytta etter avtale.
Astrid Sverresdotter Dypvik. Foto: Mariann Tvete / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik, journalist, historikar og forfattar. Ho har arbeidd i ei rekkje riksdekkjande aviser, mellom anna som kronikk- og debattredaktør. Innanfor historiefaget har ho fordjupa seg i tysk etterkrigstid og har skrive fleire bøker om temaet.

Astrid Sverresdotter Dypvik er fødd 19. oktober 1977 og kjem frå Lensvik i Orkland kommune. Ho tok utdanning ved Universitetet i Oslo, der ho i 2007 fullførte ei masteroppgåve i historie. Ho har arbeidd som journalist i Morgenbladet, Klassekampen, Dagbladet, Dag og Tid og frå 2011 i Nationen. I Klassekampen og Dagbladet sat ho i debattredaksjonen. Hausten 2020 vart Dypvik tilsett som redaktør i Syn og Segn, med oppstart vinteren 2020/21. Dypvik har vore engasjert i målsaka og var leiar for Norsk Målungdom frå 2000 til 2002. Organisasjonen skipa då til store demonstrasjonar og skulestreikar for retten til dataprogram på nynorsk.

Som historikar har Dypvik konsentrert seg om nyare tysk historie. Ho skreiv masteroppgåva om utdrivinga av etniske tyskarar frå Aust-Europa etter andre verdskrigen og kva plass dette temaet har fått i dagens Tyskland.

Seinare har Dypvik gitt ut to bøker om Tyskland og den kalde krigen, Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017). Begge bøkene legg vekt på personlege historier for å få fram enkeltmenneska sin lagnad i perioden då Tyskland var delt mellom aust og vest. Ho har òg skrive om tysk språk og utviklinga innanfor rettskrivinga i tysk.

 

Kjelder

Astrid Sverresdotter Dypvik: «Ein posisjon bortanfor. Bund der Vertriebenen og diskusjonen om opprettinga av Zentrum gegen Vertreibungen 2002–2005». Masteroppgåve i historie. Universitetet i Oslo 2007. Digital utgåve, duo.uio.no: https://www.duo.uio.no/handle/10852/23170 [lesedato 8.1.2020]

Norsk Målungdom: «Målungdomssoga», malungdom.no: https://malungdom.no/organisasjon/soga/ [lesedato 8.1.2020]

 

Peikarar

Astrid Sverresdotter Dypvik: «Den endelause reforma», Språknytt nr. 3/2006. Digital utgåve, sprakradet.no

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Roger Aarli-Grøndalen: «Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn», publisert 9.9.2020, journalisten.no

Først publisert: 07.09.2020
Sist oppdatert: 20.10.2020