Hopp til innhold
Kristin Auestad Danielsen
Kristin Auestad Danielsen
Foto: Dag Knudsen, Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen, lyrikar, dramatikar og forkjempar for nynorsken.

Kristin Auestad Danielsen er fødd 29. november 1981 i Torshavn på Færøyane, oppvaksen i Gjesdal i Rogaland og no busett i København. Ho har teke forfattarstudiet (2002/03) og bachelor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø (2005), og tok dramatikarutdanning frå Århus (2007–10). Ho er bokmeldar for Klassekampen og arbeider som forfattar og dramatikar.

Ho debuterte som dramatikar med einaktaren Bartender ved Dramatikkfestivalen på Det Norske Teatret i 2004. Her sprengjer ho dei tradisjonelle grensene for tid, rom og fiksjon. Figurane har fleire roller og går ut og inn av handlinga og kommenterer handlinga undervegs. Som dramatikarstudent i Århus fekk ho oppført einaktaren Et grisehjerte (2009) på Aarhus Teater.

I 2003 offentleggjorde ho dikt i tidsskriftet Vagant.  I 2005 kom den første diktsamlinga hennar Alle i Norge, i tre, i hengekøyer, og diktsamlinga Nynorsken kom i 2007. I 2012 kom Merk mine ord, åleinemor og i 2015 boksingelen Joggesko. Auestad Danielsen liker den frie forma diktet gir, og ho er ein spenstig og rampete poet med eit burlesk og leikande språk og med ein elegant rytmesans. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle, som vart sett opp på Det Norske Teatret parallelt med boklansering. I 2019 kom hennar fjerde diktsamling, Sterke kjensler og andre dikt.  

Danielsen har omsett og lagt til rette tekst for scene for Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater. I 2004 fekk ho den første einakteren sin drammført ved Dramatikkfestivalen ved Det Norske Teatret.

Ho har vore medredaktør i tidsskriftet Kuiper (2006/07).

Sjå, ho er i dusjen.
Baby skrik og skrik.
Dusjar hektisk, ropar:
Eg kjem jo snart til deg.
Eg må berre dusje.

Så skal vi gå tur.
Baby skrik og skrik.
Åleinemor blir sint.

Ho stampar hardt med hælen.
Sjå, ho greier det.
Sjå, ho spring til baby
med handkledet rundt brystet.

Sjå, ho kryp til dyna.
Ristar våte føter

og ammar med piplande hår.

Utdrag frå diktsamlinga Merk mine ord, åleinemor av Kristin Auestad Danielsen. Gyldendal Norsk Forlag 2012. 

Debutsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer (2005)

Dikta i samlinga har stor spennvidd, frå biletrike barokke til modernistiske dikt. Auestad Danielsen bruker mange poetiske bilete, ho skriv inderleg, energisk, naivt, ironisk, redd og bråkjekt om alt frå kjærleik og lengt til slektningar, syskenkjærleik og tresortar. Tittelen inviterer ein kompetent og oppfinnsam lesar til å løyse gåter, og samlinga føregår på fleire plan.

Ho skildrar dei tradisjonelle familieforholda samtidig som ho dreg i rutinane i kvardagslivet. Dikta er omgitt av slekt og naturinntrykk, men samlinga er inga tradisjonell heimstaddikting. Leikande bilete og rytmar driv tekstane framover.

Nynorsken (2007)

Føreordet i diktsamlinga opnar med denne programerklæringa: «Denne diktsamlinga har som formål å hindre nynorsken frå å forsvinne.» Etter dette kjem parolane strøymande, og eit av føremåla er òg å hindre at Siv Jensen blir den neste statsministaren. Samlinga vil ta på seg politisk ansvar.

Auestad Danielsen kjempar ein kamp for nynorsken og er oppteken av nynorsken sine ibuande kvalitetar og konnotasjonar. Ho ser på språket som kunnskap og at motstandarane ikkje gjer det og ikkje vil lære språk. Nynorsken er mål, middel og meining i diktsamlinga.

Kjelder

Kristin Auestad Danielsen, forfattarside, gyldendal.nohttp://www.gyldendal.no/Forfattere/Danielsen-Kristin-Auestad [lesedato 17.8.2011]

Først publisert: 17.08.2011
Sist oppdatert: 26.09.2019