Hopp til innhold

Per Dingsøyr

Per Dingsøyr var del av etterkrigsgenerasjonen med bladmenn som kjempa for den nynorske målforma, og var mellom mykje anna redaktør i Sogn Dagblad gjennom 33 år.

Per Dingsøyr var fødd 11. januar 1913 i Guddal i Fjaler og døydde 25. desember 1999 i Høyanger. Han hadde utdanning frå Bladmannaskulen i Bergen. Alt som 16-åring var Dingsøyr deltidsmedarbeidar i fleire aviser. I 1934 vart han fast tilsett i Gula Tidend, og han arbeidde der fram til krigsutbrotet i 1940. Samstundes hadde han mellom 1937 og 1938 attåtarbeid som redaktør i bygdebladet Gjallarhorn i Førde i Sunnfjord. I perioden 1940–42 var han redaktør i lokalavisa Ryfylke i Sauda.
Frå 1945 var Dingsøyr redaktør i Arbeidarparti-avisa Sogn Dagblad (med namnet Sogn Folkeblad i perioden 1945–65), fram til han gjekk av med pensjon i 1978. Avisa var partiorgan for Arbeidarpartiet, og Dingsøyr forsvarte industrisamfunna i Årdal og Høyanger med skarp penn. I tida hans som redaktør gjekk Sogn Dagblad frå å kome ut to gonger i veka, til å verte den einaste dagsavisa i Sogn og Fjordane. På folkemunne vart avisa under Dingsøyr berre kalla «Dingsen».
Dingsøyr var heilt frå sine unge år engasjert i arbeidarrørsla, og i ungdoms- og målarbeid. Han var leiar og styremedlem i ei rekkje organisasjonar og lag, mellom anna i Arbeidarpartiets Presseforbund og Sogn og Fjordane Bladeigarlag.
Dingsøyr viste òg eit stort lokalt engasjement, mellom anna som formann i ulike kommunale nemnder, i skulestyret og i trygdekontorstyret i Høyanger.
Kjelder
«Per Dingsøyr 80 år». NTB-tekst 18.12.1992
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Agnar Skeidsvoll (red.): Norske bladmenn og norske blad. 25-årsskrift for Norsk bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga. Bergen 1938

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 22.10.2013