Hopp til innhold
X
Innhald

Gerdfinn Eithun

Gerdfinn Eithun, journalist som har arbeidd ved Bergens Tidende sitt lokalkontor i Førde gjennom fleire tiår.

Eithun er fødd 6. januar 1940 i Leikanger. Han har utdanning frå realskule og handelsskule. Den journalistiske karrieren starta han i avisene Hordaland (1959–61) og Dagen (1961–67). I 1967 vart han tilsett i Bergens Tidende, frå 1970 som medarbeidar ved avisa sitt lokalkontor i Førde, som var opna berre fem år tidlegare. Her arbeidde han åleine fram til kontoret fekk fleire tilsette i 1990-åra. Eithun hadde såleis ei sentral rolle i kva for nyhende frå og bilete av Sogn og Fjordane som vart formidla i Vestlandet si storavis og vidare ut i verda.
 
Eithun har vore styremedlem i Bergen journalistlag og Sogn og Fjordane journalistlag.
 
Kjelder
Nils E. Øy (red.): «Gerdfinn Eithun», Pressefolk 1997. Oslo 1997

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 02.05.2013