Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Ellingsen

Leiv Ellingsen, organisasjonsmann og tv-tekstar som viste at nynorsk kunne brukast til underhaldning på skjermen.

Leiv Ellingsen er fødd 8. august 1945 i Haugesund. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1973, med statsvitskap, norsk og historie som fag. Han var norsk studentattaché for USA og Canada i 1977–82 ved generalkonsulatet i New York.
Etter gymnaset i heimbyen har Ellingsen arbeidd innanfor ei rekkje prosjekt og organisasjonar; mellom anna som vikarierande redaktør i Dag og Tid i 1969, Oslo kommune 1973–77, Nei til EF, FNs internasjonale alfabetiseringsår 1990, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Noregs Ungdomslag 1984–88. Frå 1994 har han vore informasjonssjef og seinare seniorrådgivar i dåverande Administrasjonsdepartementet.
Ellingsen fekk heile fjernsyns-Noreg til publikum som vikarierande programvert i Dagsrevyen og som den første og einaste i NRK som teksta filmar på nynorsk i perioden 1969–1976. Særleg «Krutrøyk» (Gunsmoke), som gjekk frå 1969 til 1974, blei umåteleg populær. Seinare teksta han alt frå krimserien «Columbo» til filmatiserte Shakespeare-drama. Ellingsen er ein godlynt humørspreiar som i Tigerstaden fann ut at haugesundsdialekten hans låg nærmast nynorsk.
Kjelder
«Leiv overtar Gunvors jobb», VG 27.06.1989
Opplysningar frå Leiv Ellingsen 22.03.2003

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 12.06.2011