Hopp til innhold
X
Innhald

Marius Evjeberg

Marius Hagbart Evjeberg, redaktør og forleggjar. På eitt og same året, 1946, skipa han forlag, målkontor og blei avisredaktør.

Evjeberg blei fødd i Borge i Lofoten 3. februar 1905 og døydde 13. september 1969. Med utdanning frå Vågan folkehøgskule 1922–23 og Bladmannaskulen i Bergen arbeidde han i mange år som journalist i Nordlandsposten og Sunnmørsposten.
 
Han redigerte det nordnorske nynorskbladet Midnattsol 1946–63, skipa Nordland fylkes målkontor i 1946, var styrar der og etablerte same året Marius Evjebergs Forlag.
 
Mellom 1946 og 1961 gav han ut 11 samlingar Sketsjar. Evjeberg var også med og samla mykje stoff til bygdebokverket for Borge og Valberg.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 23.04.2019