Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen, politikar, journalist, redaktør og tidlegare konsernsjef i Amedia. Frå 2013 er han kringkastingssjef i NRK.

Thor Gjermund Eriksen er fødd 2. oktober 1966 i Oslo. Han var elev ved Bredtvedt videregående skole i 1982–85, studerte jus ved Universitetet i Oslo i 1988–89, tok sosiologi grunnfag i 1992–93 og bedriftsøkonomi ved Handelshøyskolen BI i 1995.

Mellom 1985 og 1988 var Eriksen medlem av sentralstyret i Sosialistisk Ungdom. Han var personleg rådgivar for Erik Solheim og pressesekretær for Sosialistisk Venstreparti i 1988–92 og byrådssekretær for miljø- og samferdselsbyråd Raymond Johansen (då SV) i 1992–94. I 1995 skifta han beite og blei journalist i Dagbladet fram til 2000. Eriksen var leiar for politisk avdeling i Aftenposten i 2000–01, politisk redaktør i Dagbladet i 2001–03 og deretter ansvarleg direktør i avisa i 2003–06. Han var konserndirektør i A‑pressen (no Amedia) i 2006 og deretter konstituert konsernsjef og konsernsjef fram til han tok over som kringkastingssjef i NRK i 2013.

Eriksen blir omtalt av kollegaer som engasjert, lojal, uformell og folkeleg og har brei erfaring frå mediebransjen. Han er òg ein tydeleg leiar, med sterk vilje og konkurranseinstinkt. Oppveksten i Groruddalen i Oslo er dessutan merkbar i språket hans. NRK er i ein omstillingsprosess. Kringkastingsavgifta og lyttar- og sjåarvanane endrar seg, og Eriksen skal stå i spissen for prosessen. Dessutan vil han sørgje for at NRK held på posisjonen sin og samtidig tilpassar seg nye medieformer.

Eriksen var medlem av styret i TV2 frå 2007 og fram til han blei kringkastingssjef. Frå 2014 var han medlem av styret til arbeidsgivarforeininga Spekter.

Kjelder

Hilde Nyman: «Her er den nye NRK-sjefen», portrettintervju av Thor Gjermund Eriksen, kampanje.com: http://kampanje.com/archive/2012/12/her-er-den-nye-nrk-sjefen/ [lesedato 16.1.2017]

Glenn Slydal Johansen og Bjørn Åge Mossin: «Eriksen ny NRK-sjef», journalisten.no: http://journalisten.no/2012/12/eriksen-ny-nrk-sjef [lesedato 16.1.2017]

Peikarar

Thor Gjermund Eriksen: «Det haster for norske medier nå», kronikk, aftenposten.no

Marius Helge Larsen og Tone Staude: «Thor Gjermund Eriksen blir ny kringkastingssjef», nrk.no

Mediabemanning: «Ny konsernsjef i A-pressen», mediabemanning.no

Spekter: «Kringskastingssjefen inn i styret», spekter.no

Først publisert: 23.03.2017
Sist oppdatert: 28.03.2017