Hopp til innhold
X
Innhald

Torolf Elster

Torolf Elster, journalist, forfattar og kringkastingsmann. Han var ein viktig aktør i norsk kulturliv gjennom mange år, både på mediefeltet og som skjønnlitterær forfattar og skribent.

Torolf Elster var fødd i Kristiania (Oslo) 27. mai 1911 og døydde i Oslo 4. november 2006. Han utdanna seg som adjunkt (realfag) ved Universitetet i Oslo i 1934 og blei tilsett i Tiden Norsk Forlag i 1937. Han var utanriksredaktør i Arbeiderbladet frå 1945 til 1946, var redaktør i arbeidarrørsla sitt nyoppretta tidsskrift Kontakt frå 1947 til 1954 og gjekk attende til Arbeidarpartiets hovudorgan som politisk medarbeidar i 1955. Han var programredaktør i NRK (radio) frå 1963, til han blei kringkringkastingssjef i 1972, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 1981.

Elster debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Muren i 1936. Seinare kom ei rekkje thriller- og kriminalromanar. For kriminalromanen Thomas Pihls annen lov (1982) fekk han Rivertonprisen. Han gav òg ut fleire novellesamlingar.

Elster hadde ein omfattande produksjon av politisk litteratur. Han publiserte fleire analytiske bøker, der han la vekt på samfunnsøkonomiske, kulturpolitiske og ideologiske perspektiv. Boktitlar som Frihet og demokrati (1947), Sosialismen under debatt (1950), Sovjetmysteriet (1957) og Den store utfordringen (1961) er karakteristiske. Til Norges Kooperative Landsforenings 50-årsjubileum i 1956 skreiv han Hverdag i gate og grend, og han skreiv òg historia til Rikshospitalet, Rikets hospital (1990).

Som kringkastingssjef la han vekt på at NRK skulle gi uavhengig informasjon og haldbar kunnskap og gi oversikt over ulike synspunkt i samfunnsdebatten. Målet for institusjonen var å gi folk eit grunnlag for å ta sitt eige sjølvstendige val. I tida hans som NRK-sjef heldt ekspansjonen fram, mellom anna gjennom utbygging av eit nettverk av distriktskontor og utanrikskorrespondentar.

Elster fekk Fritt Ords pris (saman med kona Magli Elster) i 1986 og Rivertonklubbens ærespris i 1997.

Kjelder

Herman Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987

Hans Fredrik Dahl og Henrik Grue Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999

Reidar Hirsti: «Torolf Elster», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000

Sindre Hovdenakk: Torolf Elster. Balansekunstneren. Oslo 2011

Jon Gunnar Arntzen (red.): Hvem er Hvem? Oslo 1994

Først publisert: 16.09.2016
Sist oppdatert: 16.09.2016