Bjarne Fidjestøl
Bjarne Fidjestøl, tidsskriftredaktør, språk- og litteraturforskar. Knapt nokon har i seinare tiår formidla norrøn språk- og litteraturhistorie med større tyngd og språkleg presisjon.
Olaus Fjørtoft
Olaus Fjørtoft
Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft er ein av dei mest interessante og originale personane i nynorsk kulturhistorie. Han var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.
Knut Fortun
Knut Fortun, informasjonssjef og ungdomslagsmann. Aldri hadde Noregs Ungdomslag fleire medlemer enn i hans tid som dagleg leiar i organisasjonen.
Einar Førde
Einar Førde
Einar Førde, kringkastingssjef og ein av dei mest markerte Arbeidarparti-politikarane etter 1945.
Stefan Frich
Stefan Frich
Stefan Frederik Frich var skulemann, avismann og forfattar, som omsette den første barneboka til landsmål – og den andre islandske ættesoga.
Halvor Fosli
Halvor Fosli
Halvor Fosli, forfattar og redaktør som har markert seg i norsk skriftkultur dei siste to tiåra, både gjennom eigne tekstar og som forleggjar.
Osmund Faremo
Arne Falk
Arne Falk, journalist og redaktør, som arbeidde i pressa i 60 år, det meste av tida i nynorske aviser og blad.
Trygve Fosstveit
Trygve Fosstveit, kringkastingsmann og folkeopplysningsmann. Han arbeidde i over 30 år i undervisningsradioen i NRK og var drivkrafta bak radiokurs i nordsamisk.
Ingemund Fænn
Ingemund Fænn
Ingemund Fænn, pressemann og lokalpolitikar. Han byrja som redaktør i avisa Fjordingen i Stryn og vart den siste «Venstre-redaktøren» i Bergens Tidende.
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft, programmedarbeidar og programvert i NRK i 45 år, frå 1969 til ho gjekk av med pensjon i 2014. Ho har vore ein tydeleg og konsekvent brukar av nynorsk i riksmedia.
Erling Falk
Alfred Fidjestøl
Alfred Fidjestøl
Alfred Fidjestøl, filosof, journalist og forfattar som skriv artiklar og sakprosabøker om vidt forskjellige personar og institusjonar.
Gunnar Flikke
Gunnar Bård Flikke, journalist og sjefredaktør i Adresseavisa i 18 år, mellom 1988 og 2006. Han har arbeidd for avisa i meir enn 40 år.
Kaare Fostervoll
Kaare Fostervoll
Skulemannen, politikaren og målmannen Kaare Fostervoll var den første kringkastingssjefen i NRK og mannen som fekk fjernsynet til Noreg.
Johannes Farestveit
Johannes Farestveit var forleggjar med teft for omsette nynorske spenningsbøker for born. Mest kjend er han som redaktør i Norsk Barneblad, dessutan var han teikneserieforfattar og omsetjar.
Signy Fardal
Signy Fardal
Signy Fardal, journalist, redaktør og rådgivar. Ho markerte seg tydeleg i norsk motepresse som redaktør for den norske utgåva av motemagasinet Elle i 20 år.
Arne Fjørtoft
Arne Fjørtoft
Arne Johansson Fjørtoft, medie- og organisasjonsmann, tidlegare leiar for partiet Venstre, folkeopplysar med eit stort internasjonalt engasjement.
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø, journalist, musikar og humorist. I tospann med Finn Tokvam har han fornya vestlandshumoren gjennom radioprogram, bøker, revyar og musikalske innslag.
Torstein Finnbakk
Torstein Finnbakk
Torstein Finnbakk, lyrikar, lokalhistorisk forfattar, omsetjar og journalist frå Helgeland. Han er opphavet til ToFi-debatten, som handla om litterær kvalitet.
Jostein Avdem Fretland
Jostein Avdem Fretland
Jostein Avdem Fretland er komponist, musikar og forfattar frå Sogn, ein mangfaldig kunstnar som uttrykkjer seg i ulike sjangrar og former.