Hopp til innhold

Arne Fjørtoft

Arne Johansson Fjørtoft, medie- og organisasjonsmann, tidlegare leiar for partiet Venstre, folkeopplysar med eit stort internasjonalt engasjement.

Arne Fjørtoft er fødd 28. mars 1937 i Sauda i Rogaland, der han vaks opp. Han bur i Lørenskog i Akershus og er gift med NRK-profilen Ragnhild Sælthun Fjørtoft. Etter at han var ferdig med folkeskulen, var han sjømann ei tid, før han blei typograf. Han blei journalist, først i lokalavisa Ryfylke og deretter i Stavanger Aftenblad. Så var han tilsett i NRK Rogaland, og i perioden 1964–85 arbeidde han i barne- og ungdomsavdelinga og i Dagsrevyen, som ankermann og utanriksreporter. Etter 1990 har han arbeidd med prosjekt i Asia og som utanriksreporter for NRK.

Fjørtoft var tidleg aktiv lokalt i Venstre og blei vald inn i kommunestyret i Sauda. Seinare blei han bystyrerepresentant for Venstre i Stavanger, og i perioden 1986–90 var han leiar i Venstre, med eit klart mål om å redusere klimautsleppa. Han var ein av initiativtakarane til å samle Det liberale folkepartiet og Venstre til eitt parti i 1988, men trekte seg som leiar etter det dårlege valresultatet for partiet etter valet i 1989, der han mellom anna hadde foreslått ei CO2-avgift.

Arne Fjørtoft har eit stort internasjonalt engasjement og har vore leiar for nærmare 20 organisasjonar i Asia, mellom anna på Sri Lanka. I 1979 starta han og blei generalsekretær for bistandsorganisasjonen Worldview International Foundation (WIF).

Framgangsmåten hans har vore kritisert for å vere uortodoks og utanom vanleg tenesteveg, men han har vore ei viktig kjelde til informasjon for norske styresmakter.

Fjørtoft har gitt ut fleire bøker, mellom anna Spelet om Bangladesh (1972), Alarm 1974. Rapport frå Afrika, Asia og Latin-Amerika (1974) og Afrikas barn. Katastrofeåret 1985 (1985). I 2007 kom Rapport frå paradis – ein idé om fred og utvikling.

Han har fått fleire internasjonale utmerkingar, mellom dei den thailandske Hvite elefants orden i 1994 for innsatsen sin mot narkotika og Gagarinmedalja for humanitært arbeid på Sri Lanka i 2005.

 

Kjelder

Ellen Wesche Guttormsen og Kari Finstad Wiberg: «Arne Fjørtoft slår tilbake», nrk.no, publisert 7.2.2008: https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/sann-er-livet_-arne-fjortoft-1.4757508 [lesedato 14.12.2019]

Jørn-Kr. Jørgensen: «Arne Fjørtoft», Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no, publisert 29.9.2014: https://nbl.snl.no/Arne_Fjørtoft [lesedato 14.12.2019]

 

Peikarar

Arne Fjørtoft, bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Nettstaden til Worldview International Foundation, wif.foundation/nb

Først publisert: 08.10.2020
Sist oppdatert: 16.10.2020