Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Falk

Erling Falk, 1887–1940, var redaktør, politikar og forfattar. Falk leidde Mot Dag og var redaktør for tidsskriftet til organisasjonen, som hadde same namn. Han stod sentralt i fraksjonsstridane i den norske arbeidarrørsla i 1920-åra. I 1925 vart han ekskludert av Arbeidarpartiet, og frå 1926 til 1928 var han medlem av NKP.
 
Falk hadde innverknad på radikale akademikarar og i utviklinga av marxismen i 1930-åra, mellom anna som omsetjar av Kapitalen av Karl Marx og som redaktør og bidragsytar til Arbeidernes leksikon. Posisjonen hans vart svekt då han vart sjuk, og tilhengjarane hans i Mot Dag i 1936 vende tilbake til Arbeidarpartiet.

 

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 03.02.2015