Hopp til innhold
X
Innhald

Halvor Folgerø

Halvor Folgerø, journalist, musikar og humorist. Gjennom dei to siste tiåra har han, i tospann med Finn Tokvam, stått for ei fornying av vestlandshumoren gjennom radioprogram, bøker, revyar og musikalske innslag.

Halvor Folgerø er fødd 3. februar 1967 og vaks opp på Stord. Han fullførte journalistutdanning ved Høgskulesenteret i Rogaland i 1991. Seinare har han vore tilsett i NRK, først i Rogaland og så i Bergen. Frå 2002 dreiv Folgerø det nynorske humorprogrammet «Radio Røynda» saman med Finn Tokvam. Han har elles mellom anna leidd programma «Mediemenerne» og «Førkveld», og han bidreg i Linda Eides TV-program «Eides Språksjov».

Folgerø debuterte i 2005 med romanen Tyl, som han skreiv saman med Finn Tokvam. Seinare har han skrive portrettboka Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012). Han turnerte i fleire år med humorrevyen «Vestlandsrevyen», saman med mellom andre Hovland, Tokvam og Olav Stedje.

Folgerø er også bassist og fagottist, og har spela saman med eit stort utval av artistar, blant dei Aftenlandet, Stavanger Gospel Choir, Kenneth Sivertsen og Line Dybedal. Ved sida av Finn Tokvam utgjer han kjernen i humorbandet Finn-Erix. I 2008 fekk dei to Målprisen frå Noregs Mållag for arbeidet sitt.

 

Kjelder

Halvor Folgerø, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/halvor-folgero [lesedato 27.1.2020]

NRK: «Halvor Folgerø», nrk.no: https://www.nrk.no/emne/halvor-folgero-1.1640453 [lesedato 27.1.2020]

 

Peikarar

Halvor Folgerø, bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Magne Fonn Hafskor: «– Det er den draumen me ber på – om å vinne fruktkorga», bergensmagasinet.no

Frode Tellevik: «Nå skal Folgerø skrive bok om vestlandsveiene», tungt.no, sist oppdatert 2.4.2020

Arve Uglum: «Målprisen til Tokvam og Folgerø», nrk.no, publisert 27.4.2008

Først publisert: 19.10.2020
Sist oppdatert: 19.10.2020