Hopp til innhold
Torstein Finnbakk. Privat foto. Nytta med løyve.
Torstein Finnbakk. Privat foto. Nytta med løyve.
X
Innhald

Torstein Finnbakk

Torstein Finnbakk, lyrikar, lokalhistorisk forfattar, omsetjar og journalist frå Helgeland. Han er opphavet til ToFi-debatten, som handla om litterær kvalitet.

Torstein Finnbakk er fødd 22. mai 1952 og vaks opp i Leirskardalen i Hemnes kommune i Nordland. Seinare flytta han til Brønnøysund.

Finnbakk er utdanna lærar ved Nesna lærarhøgskole i 1977. Han har arbeidd som lærar i Rana kommune, som journalist i Rana Blad og Brønnøysunds Avis, og som kommunikasjonsrådgivar i Brønnøysundregistra.

I 1976 debuterte han med ei nynorsk vise i den nordnorske viseboka Det e lys lenger fram! Den eigentlege debuten, diktsamlinga Når star kan jage måse (1978), som kom ut under pseudonymet ToFi, vekte debatt. Klassekampen publiserte ei rekkje innlegg om den litterære kvaliteten på samlinga. Då Johanna Schwarz melde boka, vart forlaget Oktober kritisert for å ha gitt ut ei uferdig bok og for å ha gitt lite støtte til forfattaren. Men forfattaren og forlaget fekk òg støtte frå etablissementet, mellom andre frå Tron Øgrim. Helge Rykkja skreiv hovudoppgåve om ToFi-debatten. I 1982 gav Finnbakk ut ei ny diktsamling, Fem stjerne blenk. Denne samansette samlinga skildrar nordnorske tilhøve med både humor og alvor.

Faksimile av framsida til diktsamlinga Når star kan jage måse (1978). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.

Faksimile av framsida til diktsamlinga Når star kan jage måse (1978). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.

Som lokalhistorikar har Finnbakk mellom anna skrive om Bodil Aakre, som fekk lausøyreregisteret etablert i Brønnøysund (2009), om Helgelands-fotografen Barbara Baarsen Bostrøm (2013) og om ein vikingskipkopi sin seglas frå Hemnes til USA i 1920 (2013). I høve 50-årsjubileet for frigjeringa i 1945 intervjua han ei rekkje menneske som opplevde andre verdskrigen i det som no er Hemnes kommune. Boka Hemnes i krig 1940–45 kom i 1995, med Finnbakk som redaktør.

I 1990 gav han ut tjue gjendiktingar av den skotske poeten Ivor Cutler. Finnbakk gav òg moderne språkdrakt til Nils Lagli sine Eventyr og sagn fra Nordland (1924), som kom ut i ny utgåve i 1993.

Finnbakk skriv på både nynorsk, bokmål og dialekt.

 

Kjelder

E‑post frå Torstein Finnbakk 10. og 11.2.2020

 

Finnbakk skrivestue, blogg, finnbakk.com: https://finnbakk.com/ [lesedato: 28.1.2020]

Litteraturnett Nord-Norge: «Torstein Finnbakk», litteraturnettnordnorge.no: https://litteraturnettnordnorge.no/torstein-finnbakk/ [lesedato: 10.2.2020]

 

Peikarar

ToFi (Torstein Finnbakk): Når star kan jage måse. Oslo 1978. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Torstein Finnbakk: Fem stjerne blenk. Oslo 1982. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Torstein Finnbakk: Hemnes i krig 1940–45. Hemnes 1995. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 27.10.2020
Sist oppdatert: 04.11.2020