Hopp til innhold

Olav Gullvåg

Olav Gullvåg, journalist og forfattar, som i heimbyen Trondheim vart lagd for hat etter å ha engasjert seg for byen sitt namnebyte til Nidaros. Seinare skreiv han manus til det som skulle verte det første og mest suksessrike sogespelet i Noreg, Stiklestadspelet.

Les meir om Olav Gullvåg

Eivind Groven

Eivind Groven, komponist, musikkforskar og folkemusikksamlar. Han var programleiar i Folkemusikkhalvtimen, komponerte pause- og kjenningssignalet på NRK Radio og laga arrangementet til Arnulf Øverlands dikt «Om kvelden».

Les meir om Eivind Groven

Paul Martinus Gjærder

Paul Martinus Gjærder, sjølvlærd bladmann og boktrykkjer som stor i fremste rekkje blant idealistane som bygde grunnmuren til den nynorske pressa på slutten av 1800-talet.

Les meir om Paul Martinus Gjærder

Gerhard Garatun-Tjeldstø

Gerhard Garatun-Tjeldstø, journalist og forfattar. Han fekk læretida si i Gula Tidend, arbeidde i 25 år i Bergens Tidende som fiskerimedarbeidar og teatermeldar, og han skreiv om menneske ved havet.

Les meir om Gerhard Garatun-Tjeldstø

Bjartmar Gjerde

Bjartmar Gjerde, politikar og statsråd for Arbeidarpartiet, kringkastingssjef og arbeidsdirektør. Han var den første olje- og energiministeren i Noreg, frå 1978.

Les meir om Bjartmar Gjerde

Arne Grimstad

Arne Grimstad, forfattar, kringkastingsmann, rektor, kåsør og samfunnsdebatt, tilhengjar av både arbeidarrørsla og dei såkalla motkulturane: kristendom, målsak og fråhaldssak.

Les meir om Arne Grimstad