Hopp til innhold
Arne Grimstad.
Arne Grimstad.
Foto: Henrik Hjorth. Biletet er publisert med fri lissens av fotografen.
X
Innhald

Arne Grimstad

Arne Grimstad, forfattar, kringkastingsmann, rektor, kåsør og samfunnsdebatt, tilhengjar av både arbeidarrørsla og dei såkalla motkulturane: kristendom, målsak og fråhaldssak.

Arne Grimstad er fødd på Hareid på Sunnmøre 10. juli 1923. Han tok lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1949. Så var han lærar ved Skånevik realskule i fire år, før han vart rektor på Olavskulen på Bømlo. I 1960 vart han tilsett i NRK. I 1975 vart han lærar i radiojournalistikk ved Distriktshøgskulen i Volda, der han arbeidde fram til 1980.
Arne Grimstad har skrive fleire romanar, barnebøker og diktsamling. I romanane nyttar han røynsler frå miljøet på heimstaden, mellom anna i selfangst-trilogien Men havet fortel ingen ting, Islosen og Selungen (1970–72) og i serien om den norske utvandringa til Canada i romanane Jord og jern, Nord om sjøane, Mot jerntider og Landet er ditt (1974–77). Bøkene Det milde hjertet (1979) og Hild frå havet (1981) skildrar vestlandsbygder i gamal tid.
I 1981 gav han ut den kritiske debattboka Gjør NRK demokratisk, med stipend frå Fritt Ord. I tillegg kjem ei mengd artiklar, både i dagspressa og i tidsskrift. I mange år markerte han seg som ein sterk motstandar av norsk medlemskap i EEC/EF/EU.
Kjelder
Samtale med Arne Grimstad 2.12.2010

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 28.02.2014