Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Gjærde

Asbjørn Gjærde, journalist, redaktør og forfattar.

Asbjørn Gjærde er fødd 5. desember 1939 på Stranda på Sunnmøre. Han har examen artium frå Volda Gymnas og studerte historie og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han var journalist i Sunnmørsposten før han tok til i NRK i 1965, der han arbeidde resten av yrkeslivet.
I NRK har Gjærde hatt mange ulike arbeidsoppgåver. Han har vore journalist og vaktsjef i Dagsnytt og Dagsrevyen, og ein periode var han ved distriktskontoret i Bodø. Han var med i utvalet som planla fjernsynsprogrammet Norge Rundt i 1976, der han òg var den første programleiaren. I perioden 1981–97 var han distriktssjef for NRK Møre og Romsdal. Då dei første nærradiosendingane i Noreg vart gjennomførte ved Distriktshøgskulen i Volda i 1973, var han NRK sin ansvarlege sendeleiar. Seinare hadde han leiaroppgåver i Oslo i samband med prøvesendingane for P2. Etterpå arbeidde han i ei friare redaktørstilling, mellom anna med NRK Gull.
Gjærde var gjennom åra med i mange råd og utval i NRK. I fleire år var han medlem av NRKs språkutval, og han var varamedlem i Norsk språkråd. Han har hatt styreverv i Kringkastingsforeningen, og i Dagsrevyen var han leiar for redaksjonsklubben.
Asbjørn Gjærde har utgitt fleire lokalhistoriske og faglitterære bøker. Han har skrive om industri- og handelsutviklinga i heimbygda Stranda og om personar og emne innanfor målarkunst, arkitektur og næringsliv. Ei av bøkene hans tek for seg kringkastingssoga i Møre og Romsdal frå 1925 til 2005.
Kjelder
Samtale med Asbjørn Gjærde 15.12.2009
Asbjørn Gjærde: Vel møtt til sendinga. Kringkastinga i Møre og Romsdal 1925–2005. Volda 2005

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 28.02.2014