Faktaboks

Bjartmar Gjerde

Bjartmar Alv Gjerde

Fødd
6. november 1931, Sande, Møre og Romsdal
Død
28. november 2009, Oslo
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Småbrukar Hjalmar Gjerde (1902–79) og Astrid Øvrelid (1907–93).

Gift 1954 med Anne Karin Hoel (28.7.1930–), dotter av kommunearbeidar Arnold Hoel (1896–1964) og Jenny Skaue (1897–1942).

Bjartmar Gjerde
Av /Stortingsarkivet.

Bjartmar Gjerde var ein norsk politikar og statsråd for Arbeidarpartiet, kringkastingssjef i NRK og arbeidsdirektør. Gjerde hadde ein sterk posisjon i arbeidarrørsla og i dei regjeringane han var medlem av, mellom anna som den første olje- og energiministeren i Noreg frå 1978.

Gjerde vart kyrkje- og undervisningsminister i Trygve Brattelis regjering i 1971 og i Brattelis andre regjering frå 1973. Frå 1976 var han industriminister i Odvar Nordlis regjering. Då olje- og energisakene blei skilde ut frå Industridepartementet i 1978, blei Gjerde sjef for det nye Olje- og energidepartementet. Tida som oljeminister inneheldt dramatikk, mellom anna Alexander Kielland-ulukka og den djuptgåande konflikten i samband med utbygginga av Alta-vassdraget.

Oppvekst og utdanning

Gjerde voks opp på eit småbruk på LarsnesSunnmøre. Småbruket på Larsnes forlét han som 16-åring og drog til Ålesund. Skulegang utover folkeskulen tillét ikkje familieøkonomien. Gjerde ville gjerne ha vidareutdanning og søkte Rovde kommune om garanti for eit lån på 3000 kroner for å gå på realskule, men kommunestyret sa nei. Gjerde skaffa seg likevel noko meir utdanning sjølv i godt vaksen alder. Då gjekk han på Sørmarka folkehøgskule i 1950 og hadde eit studieopphald ved Harvard University i USA i 1964.

Journalist

Gjerde fekk jobb i Sunnmøre Arbeideravis og skulle samtidig agitere for Arbeidarpartiet i forkant av kommunevalet i 1947. Han sykla rundt og verva abonnentar til avisa og stemmer til partiet, i tillegg til å sjølv skrive i avisa som journalist. Då han gjorde militærteneste i Tysklandsbrigaden skreiv han heim om julefeiringa til offiserane, som hadde utarta til reine fylleorgiar. Artikkelen blei gjengitt i aviser over heile landet. Offiserane reagerte med å arrestere han og halde han inne i fjorten dagar. Saka blei teken opp i Stortinget, noko som gjorde den unge Bjartmar Gjerde til rikskjendis.

Politisk karriere

I 1953-1958 var Gjerde redaktør av AUF-avisa Fritt Slag. Deretter følgde tre år som formann i AUF, før han i 1961-1962 var han sekretær i Arbeidarpartiets stortingsgruppe. I perioden 1965–1969 var han vararepresentant til Stortinget frå Oslo. I 1963-1981 var han sjefsekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund, med fleire mange og lange avbrot frå vervet medan han verka som statsråd, i tillegg til formann i Oslo Arbeidarparti i 1969–1972. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1972 til 1981.

Statsråd

Bjartmar Gjerde

Foto 1973. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Bjartmar Gjerde
Av /NTB Scanpix ※.

Trygve Bratteli danna regjering i mars 1971, blei Bjartmar Gjerde kyrkje- og undervisningsminister. Etter folkeavstemminga om norsk medlemskap i EF hausten 1972 overtok Korvald-regjeringa, men etter valet i 1973 vende Gjerde tilbake til Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

To komitear hadde utarbeidd planar for vidaregåande utdanning og for høgskular og universitet. Gjerde si oppgåve blei å setje desse planane ut i livet. Når programma var gjennomdrøfta og retninga trekt opp, sørgde han for oppfølginga og den konkrete utforminga. Også innan vaksenopplæring og kultur kunne han vise til resultat då han i 1976 gjekk over til eit nytt departement.

I januar 1976 blei Bjartmar Gjerde industriminister og hadde òg ansvaret for den nye, viktige næringa i Nordsjøen. Oljeverksemda stilte han overfor store utfordringar. Energisakene hadde òg blitt meir kontroversielle enn før, noko som gav statsråden større arbeidsmessig belastning. Han kom til at Industridepartementet måtte delast. Olje- og energisakene blei skilde ut frå Industridepartementet, og Gjerde blei sjef i det nye Olje- og energidepartementet som blei oppretta i januar 1978.

Uro og dramatikk

Hovudlinjene i norsk oljepolitikk var på dette tidspunktet trekte opp, men slutten av 1970-åra var framleis ei pionertid i norsk oljeverksemd. For Gjerde blei tida som oljeminister prega av dramatikk, mellom anna ved Alexander Kielland-ulykka, konfliktar om store arbeidsoppdrag i Nordsjøen og bråk i Stortinget om overskridingar ved Statfjord-utbygginga. Også på energisektoren var det uro, mellom anna i samband med Alta-utbygginga.

Både i oljepolitikken og i energipolitikken fekk Gjerde etter kvart ein motspelar i Gro Harlem Brundtland, som han sjølv hadde tilrådd for Bratteli som eit godt statsrådsemne. Som miljøvernminister la Brundtland fleire nederlag til Gjerde, både når det gjaldt tidspunkt for start av oljeleiting utanfor Midt- og Nord-Noreg og i vasskraftutbyggingssaker.

Hausten 1980 gjekk Gjerde ut av Nordli-regjeringa etter eige ønske. Han var kringkastingssjef i 1981–1989 og avslutta yrkeslivet som arbeidsdirektør i åra 1989–1995.

Andre verv

Gjerde var medlem av Kringkastingsrådet i 1963–1974, Norsk kulturråd i 1965–1985 og Voksenopplæringsrådet i 1966–1971. Mellom 1989 og 1992 var han medlem av styret for Distriktenes utbyggingsfond.

Verv han avslo

I 1960- og 1970-åra Gjerde han stadig aktuell til topptillitsverv i Arbeidarpartiet. Han sa nei til å etterfølgje Haakon Lie som partisekretær i 1969. Han kunne ha blitt landsmøtevald redaktør av Arbeiderbladet i 1975, men sa nei. Namnet hans var sterkt framme då spekulasjonane byrja om kven som skulle bli statsminister etter Trygve Bratteli. Gjerde var ikkje interessert og støtta kandidaturet til den gode vennen sin Odvar Nordli. Den solide posisjonen Gjerde hadde i arbeidarrørsla styrkte den politiske autoriteten hans i regjeringa, Stortinget og departementa.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Egil Helle: Norsk biografisk leksikon 2
  • Egil Helle (red.): Olje og energi i ti år 1978–88. En jubileumsbok om Olje- og energidepartementet,1987
  • T. Bergh: Storhetstid (1945–1965),bd. 5 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge, 1987
  • J. Nyhamar: Nye utfordringer (1965–1990),bd. 6 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge, 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg