Hopp til innhold
Haakon Garaasen. Ukjent år. Foto: Haakon Garaasen. Kjelde Trysil Engerdal museum på digitaltmuseum.no. Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar (CC PDM).
Haakon Garaasen. Ukjent år. Foto: Haakon Garaasen. Kjelde Trysil Engerdal museum på digitaltmuseum.no. Falle i det fri / ingen kjende restriksjonar (CC PDM).
X
Innhald

Haakon Garaasen

Haakon Garaasen, forfattar, lokalhistorikar og fotograf, formidla daglegliv og tradisjonar frå Trysiltraktene.

Haakon Garaasen var fødd i Trysil 6. juli 1887 og døydde der 7. juni 1957. Etter folkehøgskule på Voss i 1906 drog han tilbake til Hedmark og etablerte seg som journalist og forfattar. Året på folkehøgskulen skjerpte interessa hans for litteratur, og i 1908 gav han ut novellesamlinga Frå skogsbygda. Der skriv han om tradisjonelle tema som kjærleik og ættekrangel, men på ein språkleg nyskapande måte. I 1912 følgde romanen Rogfinne, men gjennombrotet som forfattar kom med Tungsjøætta (1916), ein roman med dramatisk nerve og nyanserte personteikningar. Boka vart straks omsett til svensk og kom i tre opplag.

Dei to romanane skaffa Garaasen litterært ry. Han vart rekna som ein framståande heimstaddiktar og var ein av få frå innlandsbygdene som skreiv på nynorsk. Frå styresmaktene fekk han anerkjenning i form av statsstipend. Likevel slutta han å skrive romanar. I 1920-åra skifta han kurs til lokalhistorie, og gav ut tre bøker. Fotografering var ein annan måte å dokumentere livet i heimbygdene på, og Garaasen tok bilete av folk i arbeid og fest. Fleire hundre av bileta hans er tilgjengelege på biblioteket i Trysil.

Etter 1925 slutta han å publisere, bortsett frå «Den 17. mai», som han vann førstepremie for i ein novellekonkurranse i 1931. Fotoapparatet la han òg bort. Frå rundt 1930 livnærte han seg som gardbrukar og journalist. Han kom med i nazirørsla og var medlem av Nasjonal Samling til krigen var slutt.

Kjelder

Håkan Axelsson: «Haakon Garaasen, ett liv speglat i ett arkiv». Årbok for Trysil, 1987

Olav A. Loen: Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett, tilgjengeleg på nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/fde26518dac5c932896b5b61267c5f92.nbdigital?lang=no#81http://www.nb.no/nbsok/nb/fde26518dac5c932896b5b61267c5f92.nbdigital?lang=no#81 [lesedato 21.10.2017]

Hans Olav Løkken: «1952 En litterær skatt i Hegra», historiefortelleren.no: http://historiefortelleren.no/wp-content/uploads/PDF/Diverse/1952-En-litter%C3%A6r-skatt-i-Hegra.pdfhttp://historiefortelleren.no/wp-content/uploads/PDF/Diverse/1952-En-litter%C3%A6r-skatt-i-Hegra.pdf [lesedato 21.10.2017]

Peikarar

Haakon Garaasens fotosamling, Trysil folkebibliotek, digitalmuseum.no 

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018