Hopp til innhold

Ivar Grimstad

Ivar Grimstad, lærar, journalist, forfattar og styrar ved Møre Folkehøgskule.

Ivar Grimstad var fødd 25. februar 1922 i Hareid på Sunnmøre og døydde 17. mars 2006. Etter Møre Folkehøgskule i Ørsta i 1938–1939 studerte han ved lærarskulen på Nesna og vart uteksaminert i 1943. Han vidareutdanna seg ved Lærarhøgskulen i Trondheim i 1951.
Grimstad var lærar i Sjona på Helgeland frå 1944 til 1945, deretter journalist i Sunnmørsposten til 1947, før han var lærar i fem år på Solbakken folkehøgskule i Odalen. Han var så redaksjonssekretær i Sunnmørsposten fram til 1960, og sidan styrar ved Møre Folkehøgskule i Ørsta fram til 1980.
Han bygde vidare på arven etter Henrik Straumsheim og var ein stor pedagog. Sjølv om skulearbeidet var krevjande, fann han tid til å skrive i Møre-Nytt og vikariere som redaktør. Han redigerte dessutan Hareidavisa Vestposten frå 1970 til 1976, og, etter at han flytta attende til heimbygda i 1980, heldt han fram med dette arbeidet i åtte år.
Grimstad var elles bidragsytar i Nynorsk Vekeblad og Syn og Segn og fleire blad. Han var kåsør i NRK og ein omtykt folketalar og forfattar. Han debuterte med barneboka Storvarpet i 1947. Den litterære produksjonen omfattar songbøker, diktsamlingar, skjemtebøker og romanar.
Grimstad var med i landsstyret i Noregs Ungdomslag frå 1958 til 1966. Han var fråhaldsmann og målmann og aktiv i Ørsta kommunestyre for Venstre i ei årrekkje. Han var òg med i salmeboknemnda til Noregs Mållag. Grimstad sat i nemnda for etablering av distriktshøgskulen i Volda, som starta i 1969. Han var styremedlem og etter kvart varaformann i Det Norske Samlaget frå 1975 til 1983. Etter å ha vore med på skipinga av Møre og Romsdal Forfattarlag i 1984, vart han leiar i 1989 og seinare heidersmedlem.
Viktig var innsatsen hans i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag. Grimstad tok initiativ til Sunnmørsprisen for beste skjønnlitterære bok på nynorsk, som vart delt ut i meir enn femti år. Han var sjølv formann i prisnemnda frå starten i 1953 til 1990. Han var dessutan leiar for laget frå 1957 til 1961, og han sat i redaksjonen for årsskriftet deira, Jul på Sunnmøre, i heile tretti år, frå 1967. Frå 1991 var han heidersmedlem.
Grimstad fekk Yttriprisen i 1987, Sunnmøre Mållags mediepris i 1988 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1992.
Kjelder
Herman Berthelsen: Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo 1987
Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977
Ivar Grimstad: «Ein skrivande folkehøgskule-idealist», Vestlandsdiktarar. Oslo 1978
Harald H. Rise: «Vist og gale – i tekst og tale. Om Ivar Grimstad», 100 år – 100 navn. Ålesund 2000
Roar Rønning: «Ivar Grimstad. Minneord», Folkehøgskolen nr. 4/5 2006
Vestlandsdiktarar. Ein antologi frå Norsk Forfattarsentrum, Vestlandsavdelinga. Oslo 1978
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 14.11.2018