Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Arne Grimstad

Leiv Arne Grimstad, journalist i lokalavisa Vikebladet Vestposten og forfattar av barnebøker og misjonsbøker. Han har arbeidd som lokalavisjournalist i meir enn 40 år.

Leiv Arne Grimstad er fødd 27. juli 1951 i Hareid i Møre og Romsdal, der han òg bur. Han tok realartium ved Sinsen høyere skole i Oslo i 1970 og norsk grunnfag ved Høgskolen i Volda i 1994. I 1971 begynte han som redaksjonssekretær i den nyskipa avisa Vestposten på Hareid og blei seinare redaktør. I 1989 gjekk Vestposten inn i Vikebladet Vestposten. Avisa dekkjer Hareid og Ulstein, og Grimstad har vore journalist her sidan byrjinga.
Som forfattar debuterte han med barneboka Audun i Kirsebærlunet (1986), der hovudpersonen Audun får høyre om den italienske oldefaren sin som døydde då han fall ned i ein bresprekk. Gullhestane, om Roy og hesten Åndalsraua, kom i 1989, og På veg mot stjernene (2000) handlar om Nils som ønskjer å bli fotballspelar og få den finaste jenta.
Dokumentarboka Sunnmørsalpane – Tindelandet kom ut i 1995 og inneheld turskildringar og informasjon om historie og geologi i området.
Peresletta – ei reise til Solbjørg Pilskogs rike i Kamerun kom ut i 1997. Her skriv Grimstad om misjonsarbeidet sitt møte med islam i fotspora til misjonæren Solbjørg Pilskog. I 2004 kom Pilegrim i Frankenland, der han skildrar ei fysisk og mental pilegrimsvandring på vegen gjennom Frankrike mot Santiago de Compostela i Spania.
Grimstad skreiv manus og sette om til nynorsk mange Bob Dylan-songar i kabareten Riksveg 61, som Bigset Blandakor framførte i 2009.
Kjelder
E-post frå Leiv Arne Grimstad 29.11.2011
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Peikarar

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 14.11.2018