Faktaboks

Magne Gaasemyr
Fødd
11. desember 1952, Bergen
Magne Gaasemyr
Magne Gaasemyr (i 1991)
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.

Magne Gaasemyr er ein norsk journalist og tidlegare sjefredaktør i Bergens Tidende. Han var tilsett i avisa i over tjue år. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen i Bergen (1976–1980).

Journalistikken

Gaasemyr arbeidde først som journalist i Gula Tidend frå 1972 til 1976, og etter studia var han programsekretær i NRK i 1980–1981. Han var tilsett som marknadssjef i Universitetsforlaget frå 1981 til 1983 og deretter som informasjonssjef i Den Norske Bankforening frå 1983 til 1985. Gaasemyr arbeidde som journalist i Økonomisk Rapport i åra 1985–1990, og i 1990–1991 var han redaktør av tidsskriftet. Han var sjefredaktør i Bergens Tidende i perioden 1991–1994 og arbeidde etterpå som journalist i avisa til han gjekk av med pensjon i 2015. Mellom 2000 og 2008 var Gaasemyr også redaktør av Magma, fagtidsskriftet til siviløkonomane.

Då Magne Gaasemyr var sjefredaktør i Bergens Tidende, hadde avisa dei høgaste tingartala nokon gong. Avisa gjekk dessutan frå å vere ettermiddagsavis til å vere morgonavis i 1992, og ikkje lenge etter la ho om frå fire til to delar.

Gaasemyr var styreleiar i avisa Hallingdølen i 16 år, mellom 2000 og 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg