Hopp til innhold
Olav Gurvin, ca. 1935. Foto: ukjent, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.F05895b) CC BY-SA 3.0.
Olav Gurvin, ca. 1935. Foto: ukjent, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.F05895b) CC BY-SA 3.0.
X
Innhald

Olav Gurvin

Olav Gurvin, grunnleggjaren av musikkvitskap som universitetsfag i Noreg.

Gurvin var fødd 24. desember 1893 på Tysnes i Hordaland og døydde 31. oktober 1974. Han tok examen artium som privatist i 1919 og studerte sidan musikkvitskap i Heidelberg og Berlin, eit fag som den gongen ikkje fanst i Noreg. I 1928 tok han magistergraden ved Universitetet i Oslo, og i 1938 blei han dr.philos. same stad på avhandlinga Frå tonalitet til atonalitet. Han blei i 1957 utnemnd til den første professoren i musikkvitskap i Noreg. Året etter blei Institutt for musikkvitskap oppretta ved Universitetet i Oslo, noko som var resultatet av eit langt organisatorisk virke frå Gurvins hand.

Gurvin var sterkt oppteken av modernistisk kunstmusikk, særleg Fartein Valen. I tillegg til doktoravhandlinga har han skrive biografien Fartein Valen: En banebryter i nyere norsk musikk (1962). Til forskingsinteressene hans høyrde òg etnomusikologi. Han oppretta Norsk Folkemusikkinstitutt i 1951 og var ein ivrig samlar av folkemusikk. Til dette arbeidet utvikla han saman med fysikaren Jakob Sandstad eit elektroakustisk apparat for «melodifotografering», som i tillegg til melodiforløp kunne registrere folkemusikalske, ikkje-tempererte intervall. Han var vidare medredaktør for Rikard Nordraaks samlede verker (1942–44), det første norske musikkoppslagsverket Musikkleksikon (1949) og Norsk folkemusikk, serie 1: Hardingfeleslåttar (1958–67, 5 band).

Gurvin var den første formannen i Edvard Grieg-komiteen (1962–68), som hadde som hovudprosjekt å gi ut komponistens samla verk. Han var redaktør for tidsskriftet Norsk musikkliv (1942–51) og for det første bandet av årboka Studia Musicologica Norvegica (1968). Han verka også som kritikar i Verdens Gang (1945–58) og som kordirigent (1930–47). I 1959 fekk han den britiske utmerkinga Harriet Cohen-medaljen, og han blei slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1968.

Kjelder

Finn Benestad og Phillip Krømer (red.): Festskrift til Olav Gurvin. Oslo 1968

Nils Grinde: «Olav Gurvin», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

«Store musikeres spil fotograferes nå eksakt», Verdens Gang 3.10.1957

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 02.08.2017