Faktaboks

Paul Martinus Gjærder

Paul Martinus Gjerde

Fødd
2. mars 1862, Syvde på Sunnmøre
Død
23. februar 1940

Paul Martinus Gjærder var ein sjølvlærd redaktør, forfattar og boktrykkjer som stor i fremste rekkje blant idealistane som bygde grunnmuren til den nynorske pressa på slutten av 1800-talet.

Paul Martinus Gjærder gjekk to vintrar på den høgare allmennskulen i Volda i 1880–1882. Sidan mange andre på skulen heitte Gjerde, valde han å endre etternamnet sitt til Gjærder. I skuletida byrja han å skrive dikt, men fann ingen som ville trykkje dei. Då han seinare kom til Bergen, såg han pressa til Bergens Tidende, teikna henne av og fór tilbake til Syvde. I samarbeid med ein smedkunnig sambygding bygde han si eiga presse i 1886. Ho var i bruk i tjue år og står i dag på Sunnmøre Museum.

I 1886 byrja Gjærder å gi ut sitt eige blad, Fjellblomar, der alt, bortsett frå tittelen, var skrive på dansk. Året etter tok han med seg trykkjeriet til Volda, og i 1887 vart Fjellblomar slege saman med Vestmannen, og var frå no av eit reint målblad. Bladet hadde heile 500 tingarar, men inntektene svikta, og i 1889 tok Gjærder med seg familien og trykkjeriet til Tynset, der han mellom anna trykte Fedraheimen. Heller ikkje her fekk han økonomien på fote og måtte gi opp i 1890. Frå 1892 til 1896 var han utgivar for venstrebladet Søndmøringen, som kom ut i Volda.

I tillegg til den journalistiske verksemda si skreiv Gjærder dikt, bøker og skodespel. Den første boka, De livsforspilde fremmede, gav han ut på eige forlag i 1887. I 1900 kom Nirvana. Det ævelege ingenting. Det ævelege alt. Eit draumsviv, ei forteljing med innslag av filosofi og samfunnskritiske tankar. I 1901 gav han ut skodespelet Fru Ragnhild Erlingsdotter til Giske, med emne frå historia.

Gjærder hadde òg musikalske evner og komponerte slåttar, skreiv ned folketonar frå Sunnmøre og Nordfjord og gav ut songhefta «Myllarguten» og tidsskriftet Norsk Toneblad (1910–18).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jostein Krokvik: «P.M. Gjærder (1862–1940)», Tidsskrift for Vanylven sogelag 1987

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg