Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker, historikar, forfattar, dagleg leiar og redaktør av den nynorske riksavisa Dag og Tid.

Svein Gjerdåker er fødd 6. september 1963 på Voss i Hordaland. Han tok vidaregåande skule på Voss i 1979–82 og er utdanna cand.polit. med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen i 1992. Hovudfagsoppgåva handla om menneskerettar og utanrikspolitikk: Menneskerettar og utanrikspolitikk. Hellas-saka som politisk problem og utfordring for norske styresmakter 1967–1970.

 

Gjerdåker var informasjonsleiar ved Christian Michelsens Institutt i 1992–96, redaksjonssjef i Universitetsforlaget i 1996–2000 og redaktør for Mennesker og rettigheter. Nordisk tidsskrift for menneskerettigheter (i dag engelskspråkleg: Nordic Journal for Human Rights) i 2000–01. Sidan 2001 har han vore dagleg leiar og redaktør for den nynorske vekeavisa Dag og Tid.

 

Dag og Tid er ei av få aviser i Noreg som har hatt vekst i opplaget dei siste 15 åra, med Gjerdåker som redaktør. I 2015 nådde avisa ny rekord, med eit opplag på nærmare 11 000. Gjerdåker meiner at avisa sin hovudfunksjon er å verne om rettsstaten og demokratiet. Dag og Tid tener pengar på abonnement, ikkje annonsar, og Gjerdåker meiner at redaksjonelt stoff frå avisene ikkje bør liggje gratis tilgjengeleg på internett.

 

I 1991 var han redaktør av Samtaler på universitetet. 19 faglige møter mellom lærer og student, saman med Svein Skarheim, og Den uoverstigelige grense. Tanke og handling i miljøkampen, saman med Lars Gule og Bernt Hagtvedt. Alltid fattig? Perspektiver på den tredje verdens fattigdom frå 1992 redigerte han saman med Arne Tostensen, og i 1994 redigerte han Nasjonalstaten under press saman med Tor Skålnes og Terje Tvedt. Saman med Thorbjørn L. Knutsen og Gunnar Sørbø var han redaktør av Norges utenrikspolitikk i 1995.

 

Gjerdåker var leiar av Studentersamfunnet i Bergen i 1989.

 

Kjelder

Olav Garvik: «Svein Gjerdåker», snl.no https://snl.no/Svein_Gjerd%C3%A5ker [lesedato 1.4.2016]

Svein Olav B. Langåker: «Nytt rekordopplag for Dag og Tid», framtida.no http://framtida.no/articles/nytt-rekordopplag-for-dag-og-tid#.Vv6tfeKLTIU [lesedato 3.4.2016]

 

Peikarar

Nettsida til Dag og Tid 

Fritt Ords Pris 2017 til avisa Dag og Tid, frittord.no

Landslaget for lokalaviser: «Lokalavisene står seg godt. Dag og Tid og Våganavisa er opplagsvinnere», lla.no  

Først publisert: 26.04.2017
Sist oppdatert: 26.04.2017